Sparket som tar av på nettet

Bottle cap challenge er sommarens nye virale utfordring. På få dagar har det blitt lagt ut over 80 000 innlegg med emneknaggen #bottlecapchallenge.

Bottlecap challenge

TOK UTFORDRINGA: Thomas Haugehåtveit i Porsgrunn Taekwon-do klubb tok utfordringa.

Foto: Håkon Lie / NRK

Nok ein gong går ein utfordring viralt på sosiale media. Dette gongen er det «Bottle cap challenge» som tar av på internett. Her er det om å gjere å skru av kroken på flaska med eit svingspark.

Mange kjendisar har hengt seg på trenden og utfordra kvarandre. Blant anna har både artist John Mayer og skodespelaren, Jason Stratham Lagt ut bilde der de gjør utfordringa på Instagram.

Også den britiske artisten Ellie Goulding har lagt ut video av at ho gjennomfører «Bottle cap challenge».

Laster Twitter-innhold

Les også: Isbøtte-kampanjen kan ha finansiert ALS-gjennombrudd

– Eit krevjande spark

Thomas Haugehåtveit i Porsgrunn Taekwon-do klubb tok utfordringa. Han seier at det er eit krevjande spark.

Ein byrjar ikkje med dette sparket før ein har trena i halvanna år. Og ein bør ha to år til før det sit bra, seier han.

Knut Berg og Thomas Haugehåtveit i Porsgrunn taekwondo

TAEKWON-DO: Knut Berg og Thomas Haugehåtveit i Porsgrunn Taekwon-do klubb tok utfordringa.

Foto: Håkon Lie / NRK

Han fortel at det er vanskeleg å få nok fart og kraft i sparket. I tillegg er det ei utfordring å bedømme riktig avstand på eit så lite mål.

Instruktøren greidde sparket og fekk av korken, men lett er det ikkje.

Du tek det ikkje på fyrste forsøk, du må trene, avsluttar instruktøren.

Då blir det spanande å sjå om nordmenn sleng seg på sommarens virale trend.

Han viser også korleis ein kan lære seg sparket heime.

Slik gjer ein profesjonell svingspark

Slik starta det heile

Det var den kasakhstanske taekwondoutøvaren som kallar seg farakicks som starta trenden. Men det var ikkje før Errolson Hugh laga emneknaggen #bottlecapchallenge det tok av.