Hopp til innhold

Borerigg har rygga inn i ein lastebil med nitrat

Folk området ved Klovholt blei evakuert etter at det lekte ut nitrat frå ein lastebil.

Berging av bil ved Klovholt

BERGING AV LASTEBIL: Ein borerigg køyrde inn ein lastebil med nitrat ved Klovholt. Lastebilen blei frakta vekk frå staden etter at tanken er tømt.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

SISTE: Fylkesveg 51 Klovholt – Dyrdal er nå open igjen etter bilberging. Evakueringa er over, og folk kan kome heim igjen.

Operasjonsleiar Ådne Røilid fortel at ein borerigg har rygga inn i ein lastebil med ein tank med nitrat.

– Det er lekkasje frå tanken. Det er eit nitratstoff på lastebilen som er oksiderande, akkurat som kunstgjødsel i flytande seig form. Det er ufarleg i den forma det har nå, men visst det blir tilsett ting kan det bli farleg.

Folk som bur nær området på Klovholt er blitt evakuert mens det på går bilberging på fylkesveg 51 mellom Klovholt og Dyrendal. Ifølgje avisa Varden har kommunen evakuert 47 husstandar i området.

– Grunnen til at folk er blitt evakuert er fordi dei som jobbar med stoffet vil ha ei sikringssone på ein kilometer.

Lastebil ved Klovholt

Lastebilen hadde tre tonn med nitratstoff i tanken som blei tømt før lastebilen blei frakta vek.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Kan vere farleg

Røilid seier det er ein type sprengstoff som kan vere farleg i kontakt med ei tennkilde, men det er ikkje farleg i den forma det har nå.

– Men viss det blir tilsett diesel og ein tennsats kan det eksplodere. Difor er det viktig med ei trygg sone på ein kilometer.

Politiet veit ikkje kor mykje som har lekt ut, men det var tre tonn i lastebilen.

– No blir bilen tømt, også blir det bilberging etterpå.

Fylkesveg 51 blei stengt mellom Klovholt og Dyrendal, mens det var bilberging. Det er omkøyring på riksveg 36.

Uhellet skjedde på arbeidet med den nye riksveg 36 mellom Klovholt og Trommedalen.

Klovholt

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark