NRK Meny

Bør slå seg saman

Ei vidareføring av ordninga med seks kommunar i Grenland vil ikkje løyse utfordringane i regionen. Det skriv konsulentselskapet Agenda i ein rapport kommunestyra i Skien, Porsgrunn, Siljan, Bamble, Kragerø og Drangedal har tinga. I rapporten heiter det at ein storkommune med 120.000 innbyggarar vil gje regionen større gjennomslag i høve til sentrale styresmakter.