Hopp til innhold

Bør måke snø på hyttetaket

Mykje og tung snø kan øydelegge hyttetaket ditt. Forsikringsselskapa dekker ikkje alltid skaden.

Snø på hyttetak i Rauland

Forsikringsselskap ber folk lytte til råd om måke snø. Det bare når du ikkje får sjansen til å fjerne snøen at forsikringa dekker skaden.

Foto: Johs Apold / NRK

Grunneigar Halvor Lognvik på Rauland meiner hytteigarar bør måke snø på hyttetaka sine for å unngå skader.

– Måk hyttetaket ditt nå, seier Lognvik.

Det har vore mykje tung snø i Rauland etter stort snøfall, og dersom det kjem regn fryktar han snøen kan bli så tung at den gjer skader dersom det ikkje blir måka.

Halvor Lognvik

Grunneigar Halvor Lognvik frå Rauland.

Foto: MMSfoto:Privat

– Før mildveret tysdag var det om lag ein meter med snø, og den har vore tung, seier Lognvik.

Tung og våt snø

Den tunge snøen kan føre til at det blir vanskeleg å få opp vindauge og dører, og i verste fall til at taket knekk saman.

Lognvik meiner det er viktig å vere klar over kor stor tyngde taket på hytta kan tåle, og måkar for å vere på den sikre sida.

– Det er vanskeleg i år, og det kan bli verre. For snøen som har kome dei siste tre vekene har vore våt og tung, seier Lognvik.

Og dersom det kjem regn i tillegg, kan snøen bli ekstra tung. Lognvik ber hytteeigarane om å ta ein tur for å måke hyttetaka så fort dei får ein sjanse, for det kan kome meir snø.

Viktig å lytte til råd

Biørn Arnesen

Bjørn Arnesen i Gjensidige Forsikring.

Foto: Pressefoto

Bjørn Arnesen i Gjensidige Forsikring kan ikkje utan vidare love at folk får dekka det av forsikringa om hyttetaket bryt saman.

– Det er eit prinsipp i forsikring at skader som oppstår brått og uføresett er greie, seier Arnesen.

Kjem det masse snø på kort tid, og forsikringstakar ikkje har ein einaste sjanse til å bli kvitt snøen. Dersom det fører til skader er det ei forsikringssak.

– Men i det tilfelle vi høyrer om nå at grunneigar åtvarar mot mykje snø, og det likevel blir skader så har forsikringstakar ei dårleg sak, seier Arnesen.

Snø på hyttetak i Rauland

Tung og våt snø ligg på hyttetak i Rauland. Og det kan kome meir våt snø i nær framtid.

Foto: Johs Apold / NRK