NRK Meny
Normal

Stor ryddejobb etter flaumen

Når vatnet trekker seg tilbake får bøndene meir oversikt over skaden ekstremværet Petra har ført med seg. Desse rundballane har vikla seg langt inn i skogen.

Rundballar i skogen etter flom i Heddal

Då Heddøla gjekk over sine bredder hamna 20-30 rundballar inne i skogen, og blir vanskelege å få ut.

Foto: Åslaug Sem-Jacobsen

Garden til senterpartipolitikar Åslaug Sem-Jacobsen i Heddal er ein av mange gardar som er råka av ekstremværet dei siste dagane. No når vatnet trekker seg tilbake startar jobben med å rydde opp.

Her har rundballane vikla seg rundt inne i skogen. Sem-Jacobsen reknar med at det ligg 20–30 rundballar inne i skogen.

Åslaug Sem-Jacobsen, Sp Notodden

Åslaug Sem-Jacobsen

Foto: Senterpartiet

– Eg veit ikkje heilt kva vi skal gjere for å få rydda. Det vil ta tid. Kanskje vi er nøydde til å hogge skogen for å få vekk alt saman, seier Sem-Jacobsen.

I tillegg rundballane som har lege på jordet, har det kome rundballar flytande nedover Heddøla.

Flaumen denne gongen kom ikkje heilt opp til huset. Men veden som står stabla i pallar har blitt våt, og det er usikkert kor lang tid det tar å tørke den.

Uroa for potet og gulrot

Organisasjonssjef i Telemark Bondelag, Jan Thorsen, har ikkje den fulle oversikta over skadane bøndene er påført av ekstremværet Petra enn.

– Eg reknar med at vi får betre oversikt i løpet av veka, seier Thorsen.

Jan Thorsen (Sp)

Organisasjonssjef i Telemark Bondelag, Jan Thorsen.

Foto: Marianne Lande Hallingskog / NRK

Han er mest redd for korleis det går med potetavlingane, gulrota og andre rotvekstar på åkrar som har stått lenge under vatn.

– Potetene kan rotne om dei står for lenge, seier han.

Blautt ute på jorda

Når det gjeld korn som ikkje er blitt hausta, håpar han det går an å redde det meste om det kjem godt og varmt vær framover.

Også rundballar som ligg og flyt i Norsjø kan det vere vanskeleg å redde, og det kan også vere vanskeleg å berge dei rundballane som no ligg på jorda etter at vatnet har trekt seg tilbake.

– Det er blautt ute på jorda, og vanskeleg å kom utpå med traktor før det har tørka meir opp, seier Thorsen.

  • Anmeldt for promillekjøring

    En mann i 20-åra er anmeldt for promillekjøring på E18 ved Auråen i Kragerø, melder politiet. En mann i 50-åra er anmeldt for kjøring uten førerkort ved samme sted.

  • Tok kvelertak på samboeren

    En mann i 40-åra er sikta for familievold i Skien etter å ha tatt kvelertak og dyttet sin samboer, melder politiet.

  • Vasslekkasje på Åfoss

    På Åfoss i Skien stengde vassverket kranene i ein halv time i sekstida i kveld på grunn av lekkasje.

    Laster Twitter-innhold
  • Fagforbundets leder er gjenvalgt

    Mette Nord ble tirsdag gjenvalgt som leder i Fagforbundet. Odd-Haldgeir Larsen og Sissel M. Skoghaug fortsetter som nestledere. Valgene fant sted på Fagforbundet landsmøte. Nord. som har leda forbundet siden 2013, stilte uten motkandidat.