Hopp til innhold

Bonden vil ha lov om god handelsskikk

Bondelaget vil ha ei ny lov som hindrar at leverandørane må betale for å få plass i hyllene i daglegvarebutikken.

Dagligvarer

Bondelaget vil rydde opp i daglegvarebransjen og meiner regjeringa må vedta ei lov om god handelsskikk.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Brennpunkt på NRK1 viste i går kveld ein dokumentar om korleis daglegvarekjedene skaffar seg større og større makt over leverandørar og produsentar.

Nå vil bondelaget ha ei lov som sikrar god handelsskikk i bransjen.

Les også: Forbrukerrådet krever lovregulering av matvarebransjen

Sist høst inviterte Rema-sjef Ole Robert Reitan over 500 kjøpmenn til Las Vegas for å feire seg selv i fire dager til ende. I løpet av én generasjon er Reitan-familien blitt en av landets rikeste på å selge billige matvarer. Derfor kunne Rema arrangere tidenes beachparty i kasinobyen. Brennpunkt følger de beinharde forhandlingene mellom kjeder og leverandører som vil sikre seg best mulig plass i butikkhyllene. Hvorfor havnet 15 tonn fersk og fin sjokolade på søpla? Og hva betyr spillet på bakrommet for prisene og matutvalget som møter oss i butikken, hver dag, året rundt?

Her kan du sjå Brennpunkt dokumentaren.

Vil ha ryddige kontraktar

Organisasjonssjef i bondelaget i Telemark, Jan Thorsen, seier at bøndene er eigarar av leverandørindustri gjennom sine samvirkeføretak som leverer til daglegvarekjedene.

– For bonden som er eigar er det viktig å ha ryddige kontraktar med daglegvarekjedene og kontraktar som er føreseielege, seier Thorsen.

Jan Thorsen (Sp)

Organisasjonssjef i bondelaget i Telemark, Jan Thorsen.

Foto: Marianne Lande Hallingskog / NRK

Ein del bønder er også i direkte kontakt med kjedene for levering av produkt, særleg med levering av lokalmat.

– Som råvareleverandør er bonden heilt avhengig av å ha ein verdikjede for mat som fungerer på ein god måte, seier Thorsen.

Les også: «Vi var drittsekker»

Har for stor makt

Han seier at ei lov skal bidra til at bransjen fungerer betre, og skape ein betre veg for produkta frå bonden til forbrukaren.

– Ei slik lov vil vere med på å regulere forholdet mellom leverandør og mottakar på ein lovleg måte, seier Thorsen.

Daglegvarekjedene har stor makt, og når leverandørane må betale for at varene skal sleppe inn i butikken, er det noko som ikkje reimer, meiner Thorsen.

– Det er eit system som ikkje tener verken bonden eller forbrukaren. Og det er berre eigarane av daglegvarekjedene som kan nyte godt av det, seier Thorsen.

Les også: Vil tvinge butikker til å halvere pris på gammel mat