Hopp til innhold

Bonden kan løyse klimakrisa

Fleire norske bønder er no med på eit pilotprosjekt der dei brukar alternative metodar for å dyrke jorda. FN meiner at ein faktisk kan reversere klimakrisa om alle bønder i verda tek i bruk dei nye dyrkingsmetodane.

traktor på åker

REDNINGSMANNEN: Bonden kan bli den yrkesgruppa som reddar verda frå klimakrisa.

Foto: Åsta URdal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er jo flott at me bønder kan vere med å bidra i klimakampen, men eg let det vera opp til andre å seie at me bønder aleine kan snu klimakrisa, seier Hellek Berge.

Hellek Berge

NØGD: Hellek Berge er ein av bøndene som er med på prosjektet. Han tykkjer det er fint at norske bønder kan vere med å bidra i klimakampen.

Foto: Øystein Økter / NRK

Berge driv ein gard i Sauherad, og er ein av dei som er med på pilotprosjektet.

Prosjektet heiter "Jordkarbon" og dreiar seg om å teste ut alternative måtar å dyrke korn på. Målet med prosjektet er å få større kunnskap rundt korleis ein kan ta CO₂ frå lufta og binde det til dyrkbar jord. Ein vil da senke klimagassnivået, samtidig som ein gjer jorda meir fruktbar.

I det tradisjonelle jordbruket er det vanleg å ploge jorda så fort ein har hausta avlinga. Da ligg bakken open heile hausten og inn mot vinteren. I staden for å ploge har Hellek Berge dyrka ulike planter på jorda sine, som ikkje forstyrrar kornet hans. Nå han haustar kornet sitt let han berre desse plantene gro inn mot vinteren. Plantene blir da bindeleddet for å overføre karbondioksidet ned i bakken og lagre det i jorda.

Jorde med karbonvekst

GROR IGJEN: Slik ser jordet til Hellek Berge ut no. Her blir det ikkje ploga før han skal dyrke neste vår.

Foto: Øystein Økter / NRK

Kan reversere klimakrisa

FAO er organisasjonen for ernæring og landbruk i FN. Dei anslår at om det globale landbruket går inn for denne typen karbonbindande jordbruk, kan ein snu auke av CO₂ i lufta, og faktisk reversere klimaendringane.

Magne Heddan

OPTIMIST: Dagleg leiar i Norsk Landbruksrågivning Østafjells, Magne Heddan, trur prosjektet kan bli viktig for klimaet.

Foto: Øystein Økter / NRK

Prosjektet er enda i ein tidleg fase, men dagleg leiar i Norsk Landbruksrågivning Østafjells, Magne Heddan, trur på lik line med FAO, at prosjektet kan bli viktig i klimakampen.

– Den største utfordringa no er at me førebels veit veldig lite om dette her. Så me må gå veldig bredt inn i prosjektet og teste ut ting som kan vere på grensa til å virke litt rart, seier Heddan.

Her kan du høyre radiosaka:

Billegare enn kunstgjødsel

I tillegg til å binde karbon til jorda, har også plantene ein annan funksjon. Når dei døyr over vinteren gjer dei næring til bakken. Det blir da eit mindre behov for å gjødsle kornet på våren. For mange bønder kan det bli økonomisk gunstig.

Om du ikkje driv med dyr på garden din sjølv, så er kunstgjødsel den største utgiftsposten du har, seier Berge.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark