Bondelaget jublar for ulvejakt i Telemark

Telemark Bondelag er glade for at den regionale rovviltnemnda har gitt grønt lys for felling av to ulvar i Telemark og Aust-Agder.

Ulv skutt i Engerdal

Denne ulven blei skoten i Engerdal i januar i år.

Foto: Joar Elgåen / NRK

Leiar i Bondelaget, Kjell Sølverød, meiner det er godt dokumentert at ulven har tatt sau i Telemark, og at den har drepe mange sauer i Agder-fylka.

Han seier at ulven kan gjere stor skade i saueflokken.

– Ulven er jo eigentleg verstingen. Når han slår til kan det fort liggje opp mot 40 døde sau strødd utover. Ulv og sau går rett og slett ikkje bra saman, seier han til NRK.no.

Godt dokumentera

Kjell Sølverød

Leiar i Telemark bondelag, Kjell Sølverød seier ulven er verstingen blant rovdyra.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bondelaget i Telemark meiner det er godt dokumentert at ulven har tatt sju sauer i Telemark.

– Det er dokumentert fire sau i Gransherad, to i Lifjell og i Tokke. Da er vi godt over terskelen for å sette i gang tiltak etter mitt syn, seier Sølverød.

I Aust-Agder, som også er ein del av same roviltregion som Telemark, er det dokumentert minst 17 tilfelle av sau som er drepne av ulv.

– Det er i alle fall snakk om to ulvar som har vore i vårt område gjennom ganske mange månader, og som har teke ein god del sau og lam, seier leiar av Rovviltutvalet, Jørund Ruud.

Verre i nabofylket

I Vest-Agder er det enda verre. Der er det påvist 40 sauer som er drepne av ulv. Naturvernforbundet likar ikkje at Rovviltnemnda har gitt grønt lys for lisensfelling av to ulvar frå 1. oktober.

– Nei, vi synest det er eit dårleg vedtak. Vi har så lite ulv i Norge at kvar ulv er verdifull, seier fagleiar i Naturvernforbundet, Arnodd Håpnes.

Men bondelaget står på sitt. Dei vil ikkje ha ulv i Telemark.

– Nei, det kan vi ikkje ha. At det nå er sett i gang lisensfelling synest eg bare er flott, seier Kjell Sølverød.

Kor viktig er vedtaket om lisensfelling?

– Det syner at Rovviltnemnda handlar i tråd med revidert rolviltmelding, og det er heilt supert.

Vil truleg anke

Naturvernforbundet vil truleg anke vedtaket. Det synest ikkje bondelagsleiaren noko om.

– Det synest eg lite om. Dei er like avhengige av ein balanse i rovviltforvaltinga som landbruksnæringa er, og da må vi møtast og finne ut av den balansen, seier han.