Hopp til innhold

– Bondeaksjonar er bare tull

Thorleif Fluer Vikre i Framstegspartiet meiner det blir feil å framstille det som om partiet vil leggje landbruket i grus når det blir foreslått å gje tilskot til gardsbruk som har meir enn 50 kyr.

Thorleif Fluer Vikre

Thorleif Fluer Vikre meiner bondeorganisasjonane bør fortsette jordbruksforhandlingane.

Foto: Henning Tveito / NRK

– Berre tull, seier Thorleif Fluer Vikre i Telemark Framstegsparti til Bondelaget sin kritikk av Sylvi Listhaug sitt framlegg til jordbruksoppgjer for bøndene.

Les også:

Fluer Vikre meiner bøndene burde sette seg tilbake ved forhandlingsbordet framfor å gå til det han kallar planlagde aksjonsformer i håp om at Stortinget vil gjere noko anna enn det som har vore vanleg når det er brot i jordbruksforhandlingane.

– Tar bondelaget feil når dei hevdar at det berre er dei store bøndene som blir tilgodesett i jordbruksoppgjeret?

Thorleif Fluer Vikre

Thorleif Fluer Vikre meiner bondeorganisasjonane bør fortsette jordbruksforhandlingane.

Foto: Henning Tveito / NRK

– Det vil berre vere få gardsbruk som kjem opp i ein mjølkekvote på 1,2 millionar liter mjølk og 150–160 kyr, seier Fluer Vikre.

Han viser at det tidlegare ikkje har blitt gitt støtte til gardsbruk over ein viss storleik.

– Det betyr at investeringar i mjølkerobotar er ulønsame. Det kan då ikkje vere noko poeng for ei næring å jakte etter smådriftsulemper, i staden for at det skal vere mogleg å få heiltidsjobbar i næringa som kan forsvare investeringar, seier Fluer Vikre.

– Bind bonden på hender og føter

Han meiner det vil vere ei betre framtid for landbruket, framfor å få almisser frå samfunnet. Fluer Vikre meiner dagens regelverk er med på å binde den frie sjølvstendige bonden på hender og føter.

– Bonden må få lov til å utvikle sitt eige gardsbruk, meiner Fluer Vikre.

Thorleif Fluer Vikre synest det er rart at landbruksorganisasjonane kjempar mot endringar som gjer det meir lønsamt for dei som ønskjer å satse i landbruket.

– I staden ønskjer landbruksorganisasjonane å behalde støtteordningar som ikkje fører til utvikling, seier Fluer Vikre.

Framstegspolitikaren viser til at den raudgrøne regjeringa har styrt landbrukspolitikken dei siste åtte åra, og at den politikken har ført til nedgang i talet på mjølkebruk.

Passar på New Zealand

Terje Lien Aasland

Terje Lien Aasland meiner Frp sin landbrukspolitikk ikkje passar i Noreg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Stortingsrepresentant Terje Lien Aasland frå Arbeidarpartiet meiner landbruksminister Sylvi Listhaug sitt forslag til landbrukspolitikk passar betre på New Zealand enn i Noreg.

– Noreg har eit avgrensa areal til jordbruksproduksjon, og har gjennom vår historie utnytta dei areala som har vore tilgjengelege, seier Lien Aasland.

Han meiner landbruksministeren foreslår ei endring i det som er strukturen for norsk landbruk, og ser bort ifrå korleis landet vårt er forma ut.

– Det Listhaug foreslår passar ikkje i Noreg, seier Lien Aasland.

Korn blir erstatta av gras

Han meiner det vil innebere ei utarming av landbruket i Telemark dersom Framstegspartiet får gjennomslag i Stortinget for politikken sin.

– Dei mindre gardsbruka vil bli lagt ned. Arealet på desse gardane vil nok i ein periode bli brukt av større gardsbruk, men på grunn av slitasjen med å drive på ein slik måte vil nok også det blitt lagt ned, trur Lien Aasland.

Han meiner også at kornproduksjon vil bli mindre lønsam og erstatta av grasproduksjon, og husdyrhald inn i staden for kornproduksjon.

– Det vil svekke moglegheitene for å produsere mat. Framstegspartiet tek ikkje omsyn til at landbruksarealet ligg spreidd over heile landet, seier Lien Aasland.

Bøndene aksjonerer i Telemark

Leiar i Telemark Bondelag, Kjell Sølverød ser at huset i Nome brenn ned. Bønder aksjonerer over heile landet i protest mot forslag til landbruksoppgjer.

Foto: Grete Ingebjørg Berge / NRK

– Godt tilbod til bøndene

Thorleif Fluer Vikre avviser dette og meiner det framleis skal vere landbruk i heile landet.

– Eg skjønar ikkje dramatikken i at gardsbruk som har meir enn 50 kyr skal få tilskot, og at det skal vere med på å legge landbruksnæringa i grus, seier Fluer Vikre.

Han meiner bøndene får ein auke i inntekta i tråd med det som resten av Noreg får i tilbodet frå landbruksdepartementet og Sylvi Listhaug.

– Eg meiner dette er eit godt tilbod, og då bør bøndene fortsette å forhandle i staden for å gå i skyttargravene med ferdig trykte plakatar, seier Fluer Vikre.

Sentraliserer landbruket

Terje Lien Aasland meiner dei store gardsbruka blir favorisert på kostnad av mindre gardsbruk.

– Eg meiner vi skal ha landbruk i heile landet, og at Telemark skal vere eit landbruksfylke. Og at folk i Vinje og Vest-Telemark skal få drive med matproduksjon.

Lien Aasland meiner Framstegspartiet sin politikk vil føre til at landbruket blir sentralisert til dei største områda på Austlandet, Trondheimsfjorden, dei indre flatbygdene og Jæren.

– Framstegspartiet sin landbrukspolitikk vil utarme Distrikts-Noreg og Telemark, seier Lien Aasland.

Han meiner at dersom ein ser bort frå ramma i landbruksoppgjeret så er det som blir foreslått katastrofalt, og ei strukturrasjonalisering av landbruket.

– Eg er sterkt i mot det, og meiner vi skal produsere mat rundt omkring i landet der folk bur. Det er ein kvalitet vi må halde i hevd, og som er bygd på eit familielandbruk og ikkje eit industrilandbruk, seier Lien Aasland.

To til tre årsverk

– Det er berre tull, seier Thorleif Fluer Vikre i Framstegspartiet.

Han meiner eit gardsbruk med 150 kyr og to mjølkerobotar ikkje handlar om eit industrilandbruk, men ein arbeidsplass med to til tre årsverk.

– Dette er eit familiebruk, seier Fluer Vikre.

Terje Lien Aasland meiner det landbruket Fluer Vikre viser til er med på å slite ut norske bønder i dag.

– Det vitnar om at du ikkje har snakka med bønder, og ikkje veit kva du snakkar om, seier Lien Aasland.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark