NRK Meny
  • Røe Isaksen attende måndag

    Måndag er kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Porsgrunn attende på jobb etter å ha vore ute i pappapermisjon. Partifellen Henrik Asheim i Høgre har vikariert for Røe Isaksen i ti veker.

    Torbjørn Røe Isaksen Torbjørn Røe Isaksen
    Foto: Berit Roald / NPK
  • Trailer står fast i Åmot

    Ein trailer har køyrt seg fast på E134 i Åmot i Vinje, ved avkøyringa mot Rauland. Eitt løp blir stengt i ein kort periode.

  • Vann sølv i ølkonkurranse

    Lindheim ølkompani har vunne sølv i ein av verdas største ølkåringar i Belgia. Eivin Eilertsen seier til Varden at det er ei stor anerkjenning etter at ølet Coolship Plum med smak av plomme blei heidra med sølv.