Kyrkjelyden i Bø kjem med krass kritikk av salsplanane til Opplysningsvesenets fond, og meiner prestegarden bør bli teken vare på.
Leiar i Kyrkjelyden, Nokolai Boye, meiner det vil vere eit tap for Bø dersom gården blir selt.
For stor for ein familie
Bø kyrkje. Kyrkjelyden i Bø er i mot sal av prestegarden i Bø.
- Prestegarden er eit av dei eldste husa i Bø og ligg midt i bygda, seier han.
Det har vore prestegard her i mange generasjonar, og mange har gått til sjelesorg og konfirmasjonsundervisning her.
- Difor har folk i bygda hatt eit særskilt forhold til dette bygget gjennom fleire hundre år, meiner Boye.
Prestegården er på 400 kvadratmeter og har ei tomt på fire mål rundt eigedomen, og dette er alt for mykje for ein familie, meiner Opplysningsvesenets fond.
Kommunen vil ikkje kjøpe
Fondet meiner prestegarden er upraktisk til føremålet, og kostar alt for mykje i vedlikehald.
No vurderer fondet om dei skal selje eigedomen på den opne marknaden, sidan kommunen ikkje vil kjøpe han.
- Vi trur det er mange sterke kjensler som er knytta til prestegarden, og at folk vil synest det er leit om den blir selt, seier Boye.
Han trur Opplysningsvesenets fond alt har bestemt seg for å selje prestegarden.