Hopp til innhold

Blir stortingskandidat for Miljøpartiet

Gunn Marit Christenson frå Porsgrunn segler opp som stortingskandidat for Miljøpartiet de Grønne i Telemark.

Gunn Marit Christenson

Gunn Marit Christenson blir Miljøpartiet de Grønnes stortingskandidat i Telemark.

Foto: Privat

De Grønne har hatt uravstemming blant alle medlemmene, og det er eit markant fleirtal for Christenson, opplyser leiar i nominasjonskomiteen, Endre Løwe.

Gunn Marit Christenson seier ho er stolt og at det er ei ære å få denne tillitserklæring. Ho vil stille som kandidat med hjartesaker som grøn økonomi og næringspolitikk.

– De Grønne går til val på å gjennomføre eit gjennomgripande grønt skifte. Det betyr at partiet må ha god grøn politikk på alle samfunnsområde. Og ikkje berre miljø, seier Christenson.

Vil ha grøn politikk for by og land

Hennar hovudinngang i politikken er å tenke heilskapleg politikk.

– Og tenke politikk for by og land er viktig i Telemark og i heile landet, seier Christenson.

Miljøpartiet de grøne har nominasjonsmøte 17. september.

Gunn Marit Christenson er 47 år, født og oppvaksen i Vinje, bor og arbeider nå i Porsgrunn.

Ho er medlem i fylkesstyret i MDG i Telemark, medlem i landsstyret og programkomiteen i MDG sentralt.

Kan få utjamningsmandat

Ved fylkestingsvalet i 2015 fekk Miljøpartiet De Grønne 5,0 prosent av stemmene nasjonalt. MDG var større enn SV og Venstre i Telemark og gjer eit poeng av at dei er det største miljøpartiet.

Viss fylkestingsvalet hadde vore stortingsval, hadde Miljøpartiet De Grønne fått 8 stortingsrepresentantar, av dette vill det ha vore 4 utjamningsmandat.

Med eit slikt resultat kan utjamningsmandatet fort hamne i Telemark. Det er partiet sin sjanse til å komme på Stortinget.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark