NRK Meny
  • Lange køar ved Geiteryggen

    Det er store problem i trafikken og lange køar på riksveg 36 mellom Moflata og Geiteryggen i Skien.

    Trafikkprolbem på riksveg 36 ved Geiteryggen
    Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK
  • Barneskolen i Siljan er stengt

    Midtbygda skole i Siljan er stengt i dag på grunn av strømbruddet på Holtesletta. Det melder skolen på sine egne nettsider tirsdag morgen. – Elever som er på skolen blir tatt hånd om. Vi ber dere om å hente dem så raskt som mulig siden skolen er uten strøm, skriver skolen.

  • Meir enn 2000 straumlause

    Mellom to og tre tusen husstandar i Telemark er utan straum. 1800 husstandar er straumlause i Skagerak Energi sitt forsyningsområde i Telemark. Dei fleste av desse ligg i Skien. I Drangedal er fleire husstandar i Kroken og på Henseid straumlause. Det har vore fleire andre straumbrot i Drangedal, men i fylgje nettsidene til e-verket er desse retta. I Vest-Telemark er det framleis straumlaust på Spjotsodd mellom Kviteseid og Vrådal.

  • Tre har knekt på Gulsetringen

    Trafikken står stille på Gulsetringen i Skien på grunn av mange tre som har knekt over vegen. Det er mannskap ute som ryddar, men trafikken står stille nå ved Einaren.