NRK Meny
Normal

Hykkerud: – Blir nokre blåmerke mot Ungarn

– Det blir meir fysisk, og det blir eit heilt anna lag å møte, seier Joakim Hykkerud før møte med Ungarn i kvartfinalen i Handball-VM i Frankrike.

Håndball åttendedelsfinalen Norge-Makedonia

MØTER UNGARN: Joakim Hykkerud frå Notodden er strekspelar på det norske landslaget i handball. Her i kampen mot Makedonia.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Men det blir like tøft som å møte Danmark.

Det blei ein overraskande slutt i kampen mellom Danmark og Ungarn i Handball-VM. Ungarn slo danskane 27-25, og møter Norge i kvartfinalen tysdag.

Og det blir ein helt annan motstandar å møte enn Danmark, meiner strekspelar Joakim Hykkerud frå Notodden.

Mange var ganske sikre på at det ville bli Danmark dei kom til å møte i kvartfinalen, men det endrar likevel ikkje på førebuingane før kampen for spelarane.

– Vi har ikkje sett på video eller tenkt på noko anna før kampen mellom Danmark og Ungarn var slutt. Vi var på fjellet og kosa oss, og fekk beskjed om kvelden at dei blei Ungarn.

Likar å bryne seg på store spelarar

Joakim Hykkerud

Joakim Hykkerud seier det blir tøft mot Ungarn.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Måndag hadde spelarane det første videomøte, og førebur seg til kampen på vanleg måte.

– Noreg har slite litt mot Ungarn dei siste ti åra, og har tapt kampar i meisterskap og kvalifiseringskampar. Kvifor er Ungarn så tøffe å møte?

– Dei har spelarar som spelar i toppklubbar i Europa, og har masse rutine. Det sjølvsagt knalltøft, men vi skal gjere det vi kan for å bryte den barrieren, seier Hykkerud.

– Ungarn har store tunge spelarar, og mykje fysikk. Men du likar å spele mot store og tunge spelarar?

– Ja, det likar eg. For eg er stor og tung sjølv, så eg likar å bryne meg mot store spelarar. Men det blir knalltøft, så det blir nok nokon blåmerke på tysdag også. Begge lag har lyst til å kome til semifinalen, så det blir tøft, seier Hykkerud.

  • Hund som beit treåring blir avliva

    Eigarane av hunden som beit ein treåring i Skien har fått førehandsvarsel om at hunden blir avliva. Politiadvokat Christian Ytterbø i Sør-Øst politidistrikt seier til TA at vilkåra i paragraf 18 i hundelova for å fatte vedtak om avliving er oppfylt.

    Ulvehund
    Foto: Petter Melsom / NRK
  • Kan bli overkøyrt av staten

    Fylkesordførar Sven Tore Løkslid (Ap) er redd Vestfold og Telemark kan bli overkøyrt av staten dersom dei ikkje blir einige på det felles fylkestingsmøte i Tønsberg i dag. Også Gunn Marit Helgesen (H) meiner fylka har mest å vinne på å bli samde.

    Sven Tore Løkslid
    Foto: Anne Lognvik / NRK
  • Vinje-senteret får pengar

    Nynorsk kultursentrum gler seg over pengar til innhald i Vinje-senteret for dikting og journalistikk. – Det er eit nytt stort steg for oss, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum etter at Stortinget no løyver 1,6 millionar til Vinje-senteret.

  • Erkjenner straffskuld for likskjending

    Dottera til Kari Grønnestad, som blei drepen i 2015, erkjenner straffskuld for likskjending. Kvinna har tidlegare vore siktet for drapet på mora. I august i år blei dottera og sambuaren tiltalt for likskjending, skriv TA.

    Søk etter død kvinne i Skienselva
    Foto: Stine Hansen Bakkebø / NRK