Hopp til innhold

– Lurer på om dei veit kva dei har skrive her

Anita Melhus sperra opp auga då ho fekk sjå denne plakaten på kyrkjegarden der ho var for å stelle ei grav.

Dumt å rote bak sin egen grav

HUMOR: Mange har fått seg ein aldri så liten latter etter å ha sett denne lappen som blei hengd opp på kyrkjegarden på Borgestad i Skien.

Foto: Anita Melhus

Anita Melhus la merke til plakatane som var hengde opp på kyrkjegarden på containerar der besøkande kan hive søppel, og måtte dra på smilebandet.

"Vi henstiller alle til ikke å sette/legge ting bak sin egen gravstøtte. Dette på grunn av arbeid, og utseende som vil fremkomme. MVH Kirketjener"

Anita Maria Melhus

Anita Melhus sperra opp augo da ho var på kyrkjegarden for å stelle ei grav.

Foto: Privat

– Min første tanke var om dei eigentleg har tenkt på kva dei har skrive her. Det er sikkert godt meint, men det er jo litt makabert at vi blir bedt om å halde orden bak eiga grav.

Anita Melhus var på kyrkjegarden på Borgestad i Skien for å stelle ei grav, og skulle kaste noe søppel då ho såg plakatane som var hengt opp.

– Eg såg det humoristiske i det, og tok eit bilde som eg la ut på ei lukka gruppe på Facebook.

Borgestad kirke

Borgestad kirke i Skien.

Foto: Haakon Wærstad / NRK

Omsett til kinesisk

Seinare er bilete blitt delt av andre og lagt ut i gruppa Språkspalta på Facebook, og der har det kome mange kommentarar.

"Hva betyr dette? At hvis du er død, er det fint om du slutter å rote rundt din egen grav?"

"Ikke noe gjenganger-virksomhet her! Ble litt spent på dette utseendet som vil fremkomme."

"Det skal jeg huske når den tid kommer. Skal ta med meg rotet mitt ned i graven."

"Skal jeg sette det foran min egen gravstøtte?"

"En god latter forlenger livet, men i dette tilfellet er det for seint."

Anita Melhus fortel at bilete har spreidd seg vidare på sosiale medier frå Språkspalta.

– Eg oppdaga nyleg at nokon hadde omsett teksten til kinesisk.

Er ikkje vondt meint

– Eg er desverre medskuldig, seier Anne Karine Veting som er ekstrahjelp som kyrkjetenar ved Borgestad kirke.

Det er kyrkjetenaren og Veting som har utforma plakaten som har fått stor merksemd på sosiale medier.

– Det er ikkje vondt meint.

Veting fortel at det blir liggande igjen mange ting bak gravstøttene når folk har vore på kyrkjegarden for å stelle gravene.

– Og der ligg det også på andre sin plass.

Alt som er plassert bak gravstøttene skaper problem for kyrkjetenarane. Både når det gjeld utsjånaden på kyrkjegarden og tryggleiken til dei som arbeider der.

– Når vi kjem med grasklipparen må vi anten svinge unna alt som ligg bak gravstøtta, eller gå av for å flytte det framfor. Men etter ei stund blir det flytta bak igjen.

– Kva synest du om at plakaten er blitt mykje delt på sosiale medium?

Det er godt folk ser det humoristiske i plakaten, og ikkje blir sinte, seier Veting.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark