NRK Meny
  • Bør forby ulvehunden

    Ulvehund-typen av rasen Saarloos wolfhond som beit eit barnehagebarn i Skien bør bli forboden, meiner Kjell Rønningsbakk i nettstaden hundebitt.no. Han meiner det ikkje er nokon grunn til å ha hundsar som er avla for å slåst og angripe folk.

  • Bil utfor vegen på Valebø

    Ein bil har køyrt utfor vegen på Valebøvegen like nord for Dalsvatn i natt. To personar har komme uskadd ut av bilen. Det skal vere glatt på staden.

    Bil utfor vegen på Valebø
    Foto: Theo Aasland Valen
  • Rykka ut til bråtebrann

    Politi og brann rykka i natt ut til ein bråtebrann ved eit industribygg på Romnesområdet på Ulefoss. Politiet var ei stund redd for spreiingsfare til skog og parkerte biler på staden. Brannen er sløkt, og det blei ingen skader.