Hopp til innhold

Lét bilen stå på tomgang – bilen brann opp

NOME (NRK): Ein personbil blei totalskadd i brann på Nome asylmottak etter at eigaren lét bilen stå på tomgang for å lade batteriet.

Bilbrann i Nome

– Eg har problem med batteriet på bilen og eg lét motoren gå på tomgang for å lade batteriet i natt. Eg sto opp annankvar time for å sjekke at det gjekk bra med bilen, men så tok bilen fyr, seier bileigaren til NRK.

Han seier at han er lei seg for det som skjedde.

Brannen starta mens bilen stod og gjekk på tomgang ved Nome asylmottaket natt til torsdag. Brannvesenet rykka ut etter melding om at bilen var overtent, men det skulle ikkje vere fare for spreiing til bygningane i nærleiken.

Eigaren av bilen forklarte til politiet at det var lite straum på batteriet i bilen, og han ville forsøke å lade det over natt ved å la bilen stå på tomgang.

Bilen blei heilt utbrent.

To personar hadde fått i seg litt røyk då bilen brann. Den eine er sjekk ut av helsepersonell på staden, mens den andre blei tatt med ti sjukehuset.

Bil brant opp ved asylmottak

Bilen blei heilt utbrent. Dette er bilete viser det som var bagasjerommet i bilen.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Ikkje lov å la bilen stå på tomgang

Politiet har oppretta ei sak etter bilbrannen og vil etterforske for å finne ut av brannårsaka.

Lensmann i Nome Rollef Bergan seier politiet fekk meldinga natt til torsdag om ein bilbrann på Dagsrud mellom Ulefoss og Lunde.

– Då politiet kom fram, så var bilen meir eller mindre utbrent. Men det har heldigvis gått bra med dei andre bygningane og personar på staden.

Bergan seier politiet har informasjon om at bilen har stått på tomgang i ein lengre periode før brannen starta.

– Tomgangskøyring er i utgangspunktet regulert i trafikkreglane, og det er ikkje lov å la ein bil stå på tomgang. Du bør heller ikkje gå vekk frå ein bil som står og går på tomgang.

Bil brant opp ved aylmottak

Brannen i bilen som stod på tomgang, starta i morgontimane. Her er bilen totalt utbrent.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK