NRK Meny
  • Gjerpen slo Glassverket

    Gjerpen møtte Glassverket til bortekamp i Drammenshallen i kveld. Gjerpen vann 28–24. Etter kveldens kampar i Eliteserien i handball ligg Gjerpen på sjuande plass på tabellen, medan Glassverket ligg på botnen.

  • Syklist køyrd til legevakt

    Den mannlege syklisten som kolliderte med ein bil, blir køyrd til Porsgrunn legevakt av ambulansen.

  • Kollisjon mellom syklist og bil

    Ein syklist og ein bil har kollidert på Vestsida i Linaaesgate ved PP-senteret i Porsgrunn. Politi og ambulanse er på veg til staden.

  • Køyrde bil i narkorus

    Ei 26 år gamal svensk kvinne vart stoppa av UP på Rv 36 i Fjærekilen i Skien da ho køyrde bil i narkorus. Politiet mistenkjer at ho var påverka av hasj. Førarkortet vart beslaglagt på staden.