NRK Meny
  • Framleis 240 utan straum

    Det er framleis 240 kundar i Skagerak Energi sitt område i Skien og Siljan som har feil på nettet. Selskapet reknar med at alle får straumen tilbake i løpet av dagen. I går brukte selskapet på det meste 120 mann i arbeidet med å rette feil.

  • Tiltalt for drapstrugsmål

    Ein 38 år gamal mann må møte i Aust-Telemark tingrett, tiltalt for drapstrugsmål mot ein tidlegare sambuar. Ein son var vitne til trugsmåla. Saka kjem opp i tingretten seinare i denne månaden.

  • Havradalen trekt frå marknaden

    Så langt er det ingen som vil betale taksten på nær 40 millionar kroner for eigedomen Havradalen på Hardangervidda. No blir eigedomen trekt frå marknaden, skriv Varden. Eigedomen på 70.000 mål ligg nordvest i Vinje mot grensa til Hordaland.