NRK Meny
  • Trafikkulukke i Kilebygda

    Politi og brannvesen er på veg til ei trafikkulukke i Kilebygda i Skien. To bilar har kollidert front mot front. Skadeomfanget er foreløpig ukjend.

  • Tinn mot Miljødepartementet

    Tinn kommune går mot Klima- og miljødepartementet sitt forslag om å endre vassforskrifta og naturmangfaldlova. Dei meiner forslaget tek frå kommunane rett til å bestemme over eigne ressursar. Fylkeskommunen og andre kommunar har gjort liknande tiltak.

  • Ny regiondirektør i NAV

    Terje Tønnesen blir ny regiondirektør i NAV Vestfold og Telemark. Tønnesen har vore fylkesdirektør i NAV Telemark sidan 2006. Han vil fortsetja som fylkesdirektør i Telemark samtidig som han leier prosessen med å etablere den nye regionen.

    Terje Tønnesen
    Foto: Rolf-Christian Hattling / NRK
  • Fint i dag, OBS-varsel i morgon

    Det er sendt ut OBS-varsel i sju fylke, mellom anna Telemark. I morgon er det fare for regn som frys på bakken, og det kan bli glatt fyrst på dagen. Meteorologisk institutt ber både dei som skal køyre og gå om å vera forsiktige.

    Laster Twitter-innhold