NRK Meny
Normal

Bil hamna på taket på Lundevegen

Ei kvinne er frakta til sjukehus etter å ha køyrt utfor vegen i Bø på Lundevegen.

Laster kart, vennligst vent...

Politiet fekk melding om at ein bil hadde køyrt utfor vegen i Bø på Lundevegen like etter klokka 12 laurdag. Bilen hadde køyrt utfor vegen og hamna på taket.

Føraren av bilen er ei kvinne, og ho er køyrt til sjukehus i ambulanse. Skadeomfanget er ukjent.

Bilen har køyrt ned to lyktestolpar, og det er nå lause straumførande kablar på skadestaden.

Straumkablane er nå sikra og Lundevegen er open begge retningar.

Laster Twitter-innhold