Hopp til innhold

Biblioteksjef: – Det er lenge sidan det var stille her

Biblioteket er ikkje lenger ein stad der du må sitte stille og lese bøker. Nå er biblioteka også ein møtestad for gode samtaler og heftige debattar.

Henriette Stoltz, Skien bibliotek

– Vi får ein sjanse til å invitere inn menneske for å treffe kvarandre i omgjevnader med bøker som gir kunnskap. Dette samarbeidet er med på å løfte fram tema som vi er opptatt av, seier biblioteksjef i Skien, Henriette Stoltz.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bibliotek og Litteraturhus over heile landet opnar dørene sine for Heile Noreg snakkar den 25. mai for at folk skal kunne kome saman for å diskutere saker dei er ueinige om.

I Skien meiner biblioteksjef Henriette Stoltz at prosjektet Heile Noreg snakkar er midt i blinken for biblioteka.

– Vi har eit samfunnsoppdrag som handlar om å vere ein arena for samtale. Det står i biblioteksloven, og det betyr at vi skal gjere det vi kan for at folk kan samtale, vere saman, snakke og sjå kvarandre i augo. Dette er eit perfekt prosjekt for det samfunnsoppdraget vi har.

– Men skal det ikkje vere stille på biblioteket?

– Å. Det er så lenge sidan det var stille. Det er det heilt slutt på. Tvert i mot så er det mykje lyd og rørsle på biblioteka nå til dags.

Stian Johansen og Anders Futtrup, Skien bibliotek

På biblioteket i Skien førebur Stian Johansen og Anders Futtrup til arrangementet. Dei håpar folk vil sjå kvarandre i augo, og ta debatten på alvor.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Kan bli høg temperatur

I Østfold er det Litteraturhuset i Fredrikstad som arrangerer Hele Noreg snakker. Dagleg leiar Roy Freddy Andersen seier at litteraturhusa er stader der folk møtast for å bryte meiningar.

– Vi syntest det var veldig naturleg at samtalene som skjer den dagen skjer på Litteraturhuset. Her skal folk få lov til å ha sine meiningar, få meir informasjon og kanskje også endre meining.

Roy Freddy Andersen, daglig leder Litteraturhuset i Fredrikstad

Dagleg leiar på Litteraturhuset i Fredrikstad, Roy Freddy Andersen.

Foto: Trond Øyvind Karterud / NRK

– Men det møter folk som er rykande ueinige om ulv i Noreg, om det er for dyrt å vere bilist og så vidare. Det kan jo bli høg temperatur?

– Det er jo vitsen med arrangementet. Det skal jo vere temperatur, for det er engasjerte menneske som kjem. Så det skal vi ønskje velkomen, når folk har respekt for at andre meiner noko anna enn dei sjølve.

Redd for steile frontar

Andersen er mest redd for at folk ikkje tør å meine noko lenger fordi debatten blir så polarisert med steile frontar.

– Dette blir veldig spennande. Eg håpar det blir mange konstruktive samtaler, og at folk opplever at dei er likare enn dei trur. Men på det verste kan det bli uhyggeleg dårleg stemning, seier ansvarleg for vaksenprogrammet ved Bergen bibliotek, Charlotte Myrbråthen.

Ho seier at biblioteka skal vere ein uavhengig møteplass og debattarena for samtaler, foredrag og ikkje minst debattar.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark