NRK Meny
  • Etterforskar vidare i Vrådal

    Politiet har mannskap i Vrådal i dag og morgon for å etterforske vidare i cannabissaka. Dei skal ransake og gjera beslag desse to dagane. Det er to veker sidan politiet fann fleire hundre cannabisplanter i eit tomt industribygg i Vrådal.

    Cannabisplanter
    Foto: Politiet
  • Fredar loft i Flatdal

    Riksantikvaren har freda ei loft på Uppigard Natadal i Flatdal. Andre høgda er eit mellomalderbygg, og somme av stokkane er frå 1431. Det er òg ei dør i bygget med store jarnbeslag, der jarnet truleg er eit Natadalsprodukt.

    Uppigard Natadal
    Foto: Eyolf Berg-Olsen
  • Manuell dirigering på E134

    På E134 blir trafikken dirigert ved Kjeringdalen i Vinje. Årsaka er berging av eit vogntog. Vegen kan måtte stenge i periodar opp mot 20 minutt.

    Laster Twitter-innhold
  • Åtvarar om tre i vegen

    Statens vegvesen ber trafikantar i Telemark om å vera oppmerksame på tre som bøyer seg over vegbana på grunn av tung snø. Mannskap er ute og ryddar, men dei treng tid for å rekke over alt.

    Rydding av tre, Akkerhaugen
    Foto: Statens vegvesen