Hopp til innhold

Hedda ber ordførarane skjerpe seg

– Telemark sitt gode rykte som friluftsfylket står på spel. No må ordførarane skjerpe seg!

Hedda Foss Five og Ingrid Midteide Løkken

Hedda Foss Five (til venstre) på tur med Ingrid Midteide Løkken.

Foto: Privat

Kraftsalven kjem frå ordføraren i Skien. Hedda Foss Five (Ap) er ein av tre ordførarar i Telemark som tek utfordringa frå Klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H) om å sove ute natt til den 14. januar. Skiensordføraren får fylgje av høgreordførarane Steinar Bergsland i Tinn og Kåre Preben Hegland i Kragerø. Dei 15 andre ordførarane i Telemark ser førebels ut til å velje den trygge senga.

Les også:

Småbarnsfamilie går 100 turar på eit år

Regjeringa forsømmer friluftslivet

2015 blir friluftslivets år

Tek utfordringa

Statsråden har sendt ut oppmodinga for å markere starten på Friluftslivets år 2015. Hedda Foss Five er ein turglad ordførar, og tek utfordringa.

– Eg har aldri sove ute ei vinternatt før. Difor er det ei utfordring i seg sjølv å prøve noko nytt, seier ordføraren, som tek med seg Zacharias på fem, Ruth på åtte og Jacob på 10 år på overnattingsturen.

– Tanken er å gjere det til ein tradisjon å ta med seg barna å sove ute ei natt kvart år, seier Hedda.

Ber naboordførarar skjerpe seg

Hedda Foss Five og Maja Foss

Hedda Foss Five på tur i Gulsetmarka med søster Maja Five (til venstre).

Foto: Privat

Eit oversyn frå Friluftslivets år syner at 79 ordførarar varslar at dei tek utfordringa om å sove ute. Men det er berre tre ordførarar frå Telemark på lista.

– Det er rett og slett for dårleg. Her og no utfordrar eg alle som har helse til det – og det har dei fleste – til å vere med å markere opninga av Friluftslivets år, seier Hedda Foss Five, som får godt selskap natt til den 14. januar.

I tillegg til barnefloken på tre skal ho overnatte saman med ei gruppe speidarar og folk frå Telemark Turistforening.

Steinar Bergsland

Ordførar Steinar Bergsland i Tinn har teke i mot utfordringa.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

– Staden er ikkje bestemt, men eg reknar med at det blir i lavvo, og at lavvoen skal stå ein stad i Skien. På same måten som ordføraren i Kragerø vil overnatte i Kragerø og ordføraren i Tinn i Tinn.

Turglad ordførar

Hedda Foss Five er ei ivrig turgåar.

Kåre Preben Hegland

Kåre Preben Hegland i Kragerø har teke utfordringa saman med Hedda Foss Five i Skien og Steinar Bergsland i Tinn.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Eg tek gjerne med barna på tur. Gulsetmarka høver best, for den ligg nærast. Men eg har og fått med meg Kjerringssveiven i Tinn og er gjerne på Gaustatoppen fleire gonger kvar sommar, seier ordføraren, som og meiner at Friluftslivets år er eit godt politisk tiltak.

– Friluftsliv er godt for folkehelsa. Den bør alle bygge opp om, seier ordføraren i Skien.

Friluftslivets år 2015

Det er Klima og miljødepartementet som står bak Friluftslivets år 2015. Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO), som samlar dei 15 største friluftsorganisasjonane, står for den praktiske gjennomføringa. Målet med året er å bygge opp om folkehelsa ved å gje friluftslivet meir merksemd.

Hedda Foss Five med Zacharias (5), Ruth (8) og Jacob (10)

Hedda Foos Five tek med seg Zacharias (5), Ruth (8) og Jacob (10) på overnattingstur.

Foto: Privat

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark