Ber om forvaringsdom på Notodden
Statsadvokaten ber om ein forvaringsdom på 18 år med ei minstetid på 12 år for 23- åringen som drap Frode Sanni på Maxbo på Notodden i desember i fjor. Anne Margrete Katteland kalla drapet for ei avretting i si prosedyre i Aust-Telemark tingrett.