Lokalbefolkninga på Langøy og Gumøy i kragerøskjærgården er nå så engstelige at dei har teke direkte kontakt med miljøvernminister Knut Arild Hareide.
Miljøvernminister Knut Arild Hareide.
Dette er eitt siste forsøk på å få realisert brusambandet med fastlandet.
Håpar på miljøvernministeren
Og no håpar dei at statsråden vil sjå på heilskapen og ikkje bare ta miljøomsyn.
Leiar i Østre Øydistrikt Vel, Henriette Fluer, meiner avgjerda er eitt vere eller ikkje vere for øysamfunnet.
- Det er for å kunne fortsette å bu her ute. Mange seier at dei har lyst til å flytte hit, men det går ikkje så lenge det ikkje er bru, seier Fluer.
Er blitt lova bru til fastlandet
I 1974 starta lokalbefolkninga på Langøy og Gumøy kampen for å få fastlandssamband.
Og i 1992 blei det vedteke eitt prosjekt i Kragerø kommunestyre. Dette var året før dei rikspolitiske retningslinene for Oslofjorden blei innført.
Det blei då lova at det ikkje skulle ha tilbakevirkande kraft, men nå føler lokalbefolkninga at dei blir urettferdig behandla.
- Vi synest det er urettferdig at andre kommersielle prosjekt får det som dei vil, når vi har slite så lenge, seier Fluer.
Einaste måten å få fastlandssamband
Men nå er det eitt kommersielt prosjekt lokalbefolkninga har sett sin lit til for at dei skal skaffe seg samband med fastlandet.
Revåsenprosjektet som er ein hytteby som skal finansiere brua over til fastlandet.
Sjølv om lokalbefolkninga ikkje vil ha hyttebyen, føler dei at det er prisen dei må betale.
- Vi ser ikkje at det er nok annan måte vi kan få bygt ei bru over til fastlandet, seier Fluer.