Kristeleg Folkeparti er eit av motkulturpartia i norsk politikk og høyrer heime i det politiske sentrum.
Men dei gongene KrF må velje mellom å samarbeide med Arbeiderpartiet eller Høgre, så har valet stort sett alltid falt på Høgre.
Så også i år: KrF er med på å garantere for at det blir regjeringsskifte, så sant dei raud grøne mister fleirtalet. Om KrF vil føle seg heime i regjering med Siv Jensens Frp, det har mange av partiets eigne folk stilt spørsmål ved.
Les også:
Kjell Magne Bondevik
KrF var på høgda av si makt for 10–15 år tilbake, då oppslutninga var nær 15 prosent, og Kjell Magne Bondevik var regjeringssjef i til saman 7 år i to forskjellige regjeringar.
Politisk er kampen for dei kristne verdiane ei hovudsak, men det er på andre felt KrF har innkassert dei største politiske triumfane:
Det er nemleg innføring av kontantstøtte til småbarnsforeldre og røykelova. Solveig Sollie frå Skien var stortingsrepresentant og statsråd, og er framleis kjent som kontantstøttas mor.
Valgthriller
Nå er det skienspresten Geir Jørgen Bekkevold som er frontfiguren i Telemark KrF. Han kom inn på tinget med eit nødskrik ved valet i 2009, etter at KrF hadde vore ute av telemarksbenken i fire år.
Kampen om utjamningsmandatet er eit Lottospel, som Bekkevold vann i 2009, knapt føre Kåre Fostervold i Frp. Å vinne i Lotto to gonger på rad, er som kjent ganske sjeldan.
Bekkevold er nok avhengig av å ha både Gud, fleire veljarar og ikkje minst utjamningsmandatordningen med seg – skal han ha sjanse til å bli attvalt.