Pinsemenigheten Evangeliehuset og Kameratklubben i Porsgrunn samarbeider om å etablere ein nattheim for heimlause i kommunen.
Vil ha nattheim for heimlause i Porsgrunn.
Nattheimen skal både gje tilbod til folk som lever på gata - og ha gjennomgangsbustader for rusmisbrukarar under rehabilitering.
Styrmedlem Bjørg Kongsgaard i Stiftelsen Natthjem seier det er stort behov for eit slikt overnattingstilbod i Porsgrunn.
- Behovet er eigentleg veldig prekært. Det merkar vi når vi driv varmestoga nede i byen. Mange lever under ekstremt vanskelege forhold, seier Kongsgaard.
Ho fortel at mange bur hos kvarandre, og at det Porsgrunn kommune har å tilby ikkje er stort å skryte av. Nokon er også på jakt er meir permanente stader å bu. Her håpar initiativtakarane å tilby bustad i tre-fire månader.
- Det er akutt behov for reine overnattingsplassar. Her vil dei kunne få mat, ei seng og sove i og frukost om morgonen før dei må ut igjen. Vi ønskjer også å kunne gje bustader meir permanent, men då må dei vere rusfrie, seier Kongsgaard.
Treng pengar til nattevakter
Nattheimen skal bli etablert i Kameratklubbens hybelhus på Osebakken i Porsgrunn. Her er det plass til ti personar.
Stiftelsen Natthjemmet har søkt sosialdepartementet om støtte på 7,5 millionar kroner til etableringa. I tillegg håper dei å få pengar frå fylkeskommunen og Porsgrunn kommune.
- Vi treng ein dagleg leiar, ein miljøarbeider og tre-fire nattevakter. På sikt ser vi at vi treng ein del meir personale på dagtid, seier ho.
Etter planen skal Natthjemmet opne i august. Men for å klare det, ber initiativtakarane om støtte frå næringslivet i Porsgrunn, seier Bjørg Kongsgaard.
- Det treng ikkje vere så mykje for å kome igang, for vi kan pusse opp eit og eit rom. Men vi treng pengar til å betale nattevaktene, seier Kongsgaard.