NRK Meny
  • Tre over vegen i Hjartdal

    Eit tre har velta over E134 ved Hjartdal og sperrar heile vegen, seier Statens vegvesen. Mannskap er på veg for å fjerne det.

  • – Øydelegg for renommeet

    Både i går og i dag har lastebilar og vogntog køyrd seg fast og sperra trafikken. Olav Vefald i Lastebileigarforbundet seier det er få syndebukkar, men dei øydelegg renommeet for næringa. Han ber førarar om å ikkje vera overmodige.

    Olav Vefald
    Foto: Lars Tore Endresen / NRK
  • Ekstraordinær bandtvang

    Nome kommune innfører ekstraordinær bandtvang av hundar. Rådyr og anna hjortevilt har vanskelege forhold på grunn av all snøen, og kommunen innfører bandtvang for å beskytte viltet.