Barnas bøn til UDI: – La venene våre bli

40 barn må flytte frå asylmottaket i Nome fordi det skal leggast ned. No reiser dei andre barna i bygda seg i protest.

Skriver under på opprop mot nedleggelse av asylmottaket på Dagsrud

ENGASJERTE: Mange barn og unge i Nome har skrive under på oppropet der dei protesterer mot nedlegging av asylmottaket.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

For ein månad sidan fekk bebuarane ved asylmottaket i Nome vite at dei må flytte før jul. Grunnen er at UDI skal legge ned mottaket når kontrakten går ut ved nyttår.

Førti av dei som bur der er barn. No har lokale barn og unge laga eit protestopprop der dei ber Stortinget stoppe nedlegginga.

Den lange plakaten er full av tekst og teikningar frå rundt 50 barn frå Nome. Bodskapen er tydeleg:

– UDI, la dei bli – please!

– Mange barn er triste

Initiativtakar Anne Gry Sturød seier mange barn i Nome er triste og ynskjer å gjere noko for å hjelpe. I helga møtte mange opp på samfunnshuset i bygda for å skrive under på oppropet.

Blant dei var Ylva Sturød (10), som håpar aksjonen vil føre til at mottaket ikkje må stenge.

– Eg trur oppropet vil hjelpe litt, fordi politikarane vil skjøne at alle som bur der er personar. Då kan politikarane sjå for seg situasjonen deira på ein annan måte enn berre namn på eit papir, seier 10-åringen.

Ylva Sturød

Ylva Sturød vil ikkje at asylmottaket i heimbygda skal leggast ned.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Færre søkjer asyl

Fire mottak i Noreg blir lagt ned innan nyttår etter at kontraktane med UDI går ut. Det er Nome, Larvik, Søre Sunnmøre og Bankplassen i Nordland, med til saman 596 bebuarar.

Ifylgje UDI er årsaka til nedleggingane at det kjem færre asylsøkjarar til landet.

Avtalen dei har med Nome kommune om drift av mottaket på Dagsrud går ut ved nyttår. Nye avtalar er ikkje signert fordi UDI har utsett ein anbodsrunde om mottaksplassar til utpå nyåret.

Mottaket i Nome kan vere med på denne runden, men må uansett legge ned drifta innan nyttår. Alle dei 152 som bur der må flytte til asylmottak andre stader i landet.

– Når det kjem få asylsøkjarar til landet må me handtere det. Anten ved å seie opp avtaler eller ved å la avtaler løpe ut, sa regiondirektør i UDI, Tormod Stavenes, til NRK då nyheita blei kjent i september.

Tek opp saka i Stortinget

Stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap) er blant fleire som har reagert på handteringa av saka. I førre veke stilte han skriftleg spørsmål til justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr (Frp).

Han ynskjer mellom anna svar på om statsråden vil gjere noko i saka, og om han meiner det som skjer er god integreringspolitikk.

Aasland seier han vil formidle engasjementet blant dei unge i Nome både til ministeren og til resten av politikarane.

– Det er veldig flott at dei engasjerer seg. Det engasjementet skal eg syte for at ministeren får ta del i, seier Aasland.

Kallmyr skal svare på spørsmålet frå Aasland i løpet av denne veka.

Barn protesterer mot Dagsrud-nedleggelse

Mange skreiv seg på oppropet i helga.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK