NRK Meny
  • Røykutvikling på Rjukan

    Brannvesenet har meldt om røykutvikling i Sam Eydes gate på Rjukan. Det har vore fyr i himlinga inne i eit bygg. Brannvesenet har kontroll og driv med utlufting. Ingen personar er skadde.

  • Brannutrykning på Rjukan

    Politi og brannvesen har rykket ut til Torget 2 på Rjukan. Det er meldt om røykutvikling på stedet.

  • Ber innbyggjarane om hjelp

    Porsgrunn kommune har auka beredskapen etter at det er varsla ein nedbørstopp i kveld. Kommunen ber om hjelp frå folk, og oppfordrar alle til å «adoptere» eit sluk. Det vil seia at ein held auga med eit sluk og held det fritt for lauv og anna.

  • Redusert lærartettleik

    Etter trykk frå fylkeskommunen, har Skien og Porsgrunn vidaregåande skular redusert lærartettleiken. Dei har òg slått saman klasser og redusert bruk av vikarar for å få budsjetta sine i balanse. Statusrapporten for dei økonomiske tiltaka blir lagt fram for fylkestinget i dag.