NRK Meny
  • Distriktssendingane i spørjetimen

    I går tok Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) opp distriktssendingane til NRK i spørjetimen på Stortinget. Kulturministeren svara at kringkastingssjefen har redaksjonell fridom til å bestemme korleis allmennkringkastingsoppdraget best kan oppfyllast.

    Åslaug Sem-Jacobsen
    Foto: Tobias Prosch Simonsen / NRK
  • Køyrde på rådyr og stakk

    I natt vart det meldt om eit påkøyrd rådyr som låg hardt skadd i vegen ved Sauland. Føraren som hadde køyrd på dyret hadde stukke av. Dyret døydde før viltnemnda kom til staden. Politiet ser svært alvorleg på å forlate dyr i hjelpelaus tilstand.

  • Bilbrann i Nome

    I natt vart det meldt om ein bilbrann ved Nome asylmottak. Bilen var overtent, men det var ikkje fare for spreiing til hus. To personar fekk i seg litt røyk, den eine vart med for ein sjekk på sjukehus. Brannen starta medan bilen stod på tomgang.

  • Nesten alle har strøm igjen

    De aller fleste i Telemark har nå fått strømmen tilbake etter uværet. – I skrivende stund er 13 kunder strømløse, fordelt på fire kommuner, sier Thor Bjørn Omnes i Skagerak Energi klokka 23 onsdag kveld. Skagerak Nett opplyser om at de opprettholder høyeste nivå av beredskap også i dag.