Hopp til innhold

Ballongar i alle fargar mot mobbing

Elevane ved Stridsklev ungdomsskole i Porsgrunn markerte i dag at dei er FOR eit godt skolemiljø og MOT mobbing.

Ballongslipp mot mobbing

Foto: Theo Aasland Valen

Ballongane skal vere eit symbol på at alle er forskjellige, men når kvar og ein bidreg på sin måte, kan ein kan få til mykje fint i lag.

Les også:

Måndag klokka eitt blei alle elevane og tilsette samla i skolegarden, der det blei servert varm gløgg og peparkaker.

– Skolen jobbar kontinuerleg for å skape eit best mogleg miljø på skolen og denne markeringa er ein del av eit større arbeid. Vi ønsker ei felles markering for å samle oss om eit godt skolemiljø, fortel Espen Bekkevold, kontaktlærar for Elevrådet.

Alle er forskjellige

Rektor, elevrådet og miljøteamet ved skolen med helsesøster, sosiallærar, miljøarbeidar og skoleassistentar heldt appeller med tema skolemiljø, og korleis alle kan bidra til å gjere skolen til eit betre stad og vere og lære.

– Markeringa skal ha eit positivt innhald og skape engasjement der alle må bidra, fortel Bekkevold.

Elevrådet har mange konkrete råd på korleis alle elevane, med små grep, kan bidra til eit enda betre skolemiljø.

– Vi avslutta markeringa med eit felles ballongslipp med om lag 200 ballongar i alle fargar som for til himmels. Dette skal symbolisere at vi alle er forskjellige, og vise at når kvar og ein bidrar mot eit felles mål, så får vi til mykje saman, fortel Bekkevold.

Ballongslipp mot mobbing

Ballongar i alle fargar blei slept til himmels ved Stridsklev skole i Porsgrunn i kampen mot mobbing.

Foto: Theo Aasland Valen