Hopp til innhold

Stor interesse for lokal bakst

VINJE (NRK): Sommarturistane strøymer til det tradisjonsrike bakeriet på Mjonøy i Vinje.

Ida Seim, Mjonøy

Ida Seim bakar bollar, med hemmeleg oppskrift.

Foto: Lise Marit Syftestad / NRK

Det er høgsesong på Mjonøy kultursenter i Vinje. Meir enn fem hundre bollar finn kvar dag vegen inn i steinomnen, før dei til slutt hamnar i magen til svoltne turistar, og andre besøkande.

– Men oppskrifta får du ikkje, den er ein løyndom, smiler Ida Seim, da spørsmålet kjem frå reporteren.

Og det er mange som har spurt om akkurat den oppskrifta.

Steinomnen på Mjonøy

Steinomnen på Mjonøy fyras opp med ved dagen før baksten. Her er det plass til 32 brød om gongen, og i høgsesongen steikas meir enn 500 bollar kvar dag.

Foto: Lise Marit Syftestad / NRK

– Det er mange som skryter av bakverket her, og det er sjølvsagt stas, seier Seim.

Les også: Matvaregigant satsar på lokalmat

Bakar i Litauen – sommarjobb på Mjonøy

Varmen slår imot ein når døra til steinomnen opnas. Der kan det steikas 32 brød samtidig, og omnen fyras opp med ved ettermiddagen fyre bakinga.

– Då er det perfekt temperatur morgonen etter, smiler Seim.

Ho styrer baksten, saman med Linas Ksivickas. Han kjem frå Litauen, og har vore på Mjonøy i fleire somrar.

Linas Ksivickas, Mjonøy

Linas Ksivickas jobbar som bakar i Litauen, og har hatt sommarjobb på Mjonøy i fleire år.

Foto: Lise Marit Syftestad / NRK

– Familien min driv eit bakeri i Vilnius, så eg har god greie på baking. Og det er moro å komma hit og ha sommarjobb, seier Ksivickas.

Naturleg stopp på vegen

Ute i sola sit turistar og kosar seg med bollar og ein kaffikopp. Det er heilt naturleg å stoppe på Mjonøy seier dei.

Turistar kjøper brød på Mjonøy

Turistar kjøper ofte med seg bakevarer frå Mjonøy.

Foto: Lise Marit Syftestad / NRK

– Me kjem frå Oslo, og har vore på Karmøy ein tur. Me stoppa på Mjonøy både på tur til og frå, smiler dei.

Dei skryter av servicen på Mjonøy.

– Det er trivelege folk her, og god mat. Det er alltid stas å koma hit, ein gløymer nesten at slike plassar framleis finst.

– Travelt å drive

Torunn Johanne Tvedt overtok drifta på Mjonøy for Ellen Nordstoga for fire somrar sidan, og ho trivas godt med det.

Torunn Johanne Tvedt

Torunn Johanne Tvedt har stått for drifta på Mjonøy dei siste fire åra.

Foto: Lise Marit Syftestad / NRK

– Det er mykje å gjere om somrane, med mange gamle bygningar, mange turistar som kjem på besøk og mykje moro, seier Tvedt.

Heller ikkje ho vil gje bort bolleoppskrifta, men ho kjem med eit lite hint.

– Ein må bake med kjærleik.