Hopp til innhold

Bygde badstue – gløymde viktig detalj

– Dette blir ein Instagram-hit, sa ordføraren da badstua i Tokke i Telemark opna. Nå viser det seg at badstua ikkje verkar som ho skal.

Badstu i Tokke

PROBLEM MED VARMEN: Badstua Soria Moria ser god og varm ut på bildet, men ein underdimensjonert omn får ikkje pressa temperaturen opp i meir enn 60 grader.

Foto: Dag Jenssen / Telemarkskanalen regionalpark

Det var ein stolt ordførar som opna den særeigne badstua i Telemarkskanalen i slutten av oktober. Allereie før opninga var mange på Dalen for å ta bilde av Soria Moria, som ho har blitt døypt.

Men kort tid etter har det dukka opp uventa utfordringar, fortel ordførar i Tokke, Jarand Felland.

– Omnen taklar ikkje å varme opp det store rommet til 80–90 grader, som ein bør ha, men kjem berre opp til 60 grader.

– Så eigentleg er det ikkje ei ordentleg badstue?

– 60 grader er greitt nok, men det er litt lågt. Vi kan bruke ho, men vi må gjera noko for å få ho varmare.

Planen er å setja inn ein kraftigare omn. Men det elektriske anlegget er ikkje dimensjonert for ein så stor effekt, dermed må ein truleg gjera noko med det òg. Felland seier grunnen til denne bommerten er for dårleg planlegging.

– Det har vore dårleg kommunikasjon mellom dei som har stått for bygginga og dei ulike delane, slik at ein ikkje har rekna godt nok på volumet på badstua.

Jarand Felland

OFFISIELL OPNING: Ordførar Jarand Felland trur Soria Moria vil trekkje turistar til bygda. Badstua ligg på innsjøen Bandak, som er ein del av Telemarkskanalen.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Usikkert kven som tek rekninga

Utbygginga har så langt kosta 5, 5 millionar kroner og det er Sparebankstiftelsen DNB som løyver mest pengar. Andre i spleiselaget er Tokke kommune, Telemark Fylkeskommune, Dalen Hotel, Telemarkskanalens regionalpark, Statkraft og Telemark Interkommunale næringsfond.

Kven som skal ta rekninga for endringane er foreløpig usikkert.

– Dette er gjenstand for diskusjon mellom dei som har vore med på å laga badstua, seier Tokke-ordføraren.

– Kor mykje vil det koste?

– Det veit vi ikkje, det må vi sjå på.

Pål Kleffelgård, dagleg leiar i Telemarkskanalen regionalpark, seier at dei har ein avtale med Tokke kommune som gjeld eventuelle overskridingar. I avtalen står det at dei to partane skal dekke halvparten kvar. Men Kleffelgård vil ikkje seia om dette blir utfallet når det gjeld denne saka.

– Det må vi finne ut av. Vi har ein god dialog, og eg trur vi kjem til å finne ei god løysing. Det er nokre manglar der vi også diskuterer ansvarsfordeling med dei som er prosjekterande og dei som er utførande.

Badstu i Tokke

POPULÆRT: Allereie før opninga var mange i Tokke for å ta bilde av badstua i Telemarkskanalen.

Foto: Dag Jenssen / Telemarkskanalen regionalpark

Ventar ei løysning før desember

Ordførar Jarand Felland seier at han ser på dette som eit innkøyringsproblem, og ivrar etter å fortelja at dei besøkjande har vore fornøgde.

– Det er ikkje ei vanleg badstue, her er det vanvitig fin utsikt, så dette er meir enn berre varmen. Vi håpar at ting er på plass når det nærmar seg desember, slik at folk kan roe seg ned i julestria.