Hopp til innhold

Eigedom i Drangedal selt for det dobbelte av takst

Huset er gamalt og har eit stort behov for vedlikehald, men interessa var enorm. Det var kø på visinga.

Hus i Drangedal solgt for dobbelt pris

POPULÆRT SMÅBRUK: Over 70 kom på vising då dette huset og eigedomen på Straume i Drangedal blei lagt ut for sal.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Taksten var på 950.000 kroner, men etter ein heftig bodrunde der mange slost om å få tilslaget, enda prisen på over 2.050.000 kroner.

Eigedomen ligg mellom Skien og Drangedal, 13 minuttar frå Drangedal sentrum. Tomta er 55 mål, og det er buplikt. Vanlegvis er det snakk om heilt andre prisar i Drangedal.

– Vi la ut annonsen ei veke før vising. Då var det 63 som lasta ned salsoppgåva. Det er utruleg mange i dagens marknad, seier Marianne Høimyhr i Aktiv eigedomsmekling som hadde oppdraget med å selje eigedomen.

Til vanleg har er det mellom ti og femten som lastar ned salsoppgåva før vising i Skien.

– Her har interessa vore veldig bra i forkant. På visinga var det om lag 70 menneske innom, så det var mykje folk heile tida.

Marianne Høimyhr, Aktiv

STOR TOMT: Marianne Høimyhr blei overraska over den store interessa for småbruket i Drangedal.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Stor tomt og strandlinje

Det er eit sambuarpar frå nabokommunen som har kjøpt eigedomen. Dei reknar med å flytte til Drangedal, har hest og er interesserte i jakt og friluftsliv. Det er viktigare enn litt lenger pendling til jobb.

– Har de bomma fullstendig med prisforslaget?

– Nei. Eg vil ikkje seie det. Takstmannen hadde også ein runde på eigedomen på førehand. I forhold til kvadratmeterprisen på det som er seld der tidlegare, og i Drangedal, så var rundt ein million ein rett pris. Men interessa har vore heilt unik i forhold til at det er ein spesiell eigedom med stor tomt og strandlinje. Men det er buplikt, og det trudde vi var meir prisdempande enn det var, seier Høimyhr.

– Over det doble av prisforslaget må vere spesielt?

– Det er spesielt. Og viss det hadde vore ein eigedom i Grenland, så ville eg vel kanskje sagt at meklaren hadde gjort ein litt dårleg jobb. Men det er ikkje så mange eigedomar av dette slaget, og då blei kanskje interessa over det vi hadde venta.

Interesse for småbruk med jakt

Hus i Drangedal solgt for dobbelt pris

GARASJE: Det er garasje på eigedomen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Marianne Høimyhr meiner forklaringa er at det er ein fantastisk eigedom med stor tomt, strandlinje og jakt i nærleiken.

– Du kan ha hest på eigedomen, og kan bruke den som hus og hytte. Og likevel kom deg på jobb innan rimeleg tid i grenlandsområdet. Det er ikkje så mange slike eigedomar i marknaden.

– Er det ei aukande interesse for slike småbrukliknande eigedomar?

– Interessa for slike bustader har alltid vore der. Og småbruk i nærleiken av Grenland er attraktive, sjølv om det var vanskeleg å vurdere om Drangedal er like populært. Men det var det, og det ser ut til å vere ei aukande interesse for eigedomar utanfor Grenland.