NRK Meny

Auka overskot for Borgestad

Borgestadkonsernet har auka overskotet frå 5 millionar kroner til 11 millionar i fjerde kvartal i år. Framgangen skuldast i hovudsak auka omsetning i installasjonsverksemda, blant anna etter oppkjøp av to store installasjonsselskap i Norden. Borgestadkonsernet sine satsingsområde er eigedom i Polen og eldfast industri i Norden.