Hopp til innhold

Auka innvandring har truleg berga norsk helsetilbod

SKIEN (NRK): Ein ny rapport frå Statistisk sentralbyrå syner at Noreg truleg hadde slite med bemanninga i helsesektoren viss det ikkje hadde vore for aukande innvandring. Fagforbundet er skeptiske til desse tendensen.

 Vanessa Tsarpali og Hardi Tofiq

ETTERSPURD: Rapporten frå SSB syner at Noreg har eit stort behov for legar med innvandrarbakgrunn.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Eg trivst veldig godt her, og det er difor eg har blitt verande etter eg vart ferdig i turnus, seier nyrelege ved Sjukehuset i Telemark, Hardi Tofiq.

Tofiq kjem frå den kurdiske regionen i Irak, og flytta til Noreg i 1999 på grunn av konflikt i heimlandet. Da han budde der praktiserte han allereie medisin.

Me har vore heldige som har hatt såpass stor innvandring

Nils Martin Stølen - Forskar SSB

Kollegaen hans Vanessa Tsarpali har også innvandrarbakgrunn. Ho kjem frå Hellas og vore her i litt over eit år.

Eg visste at Noreg har eit høgt krav til utdanning for legar og difor eit høgt fagleg nivå som legg til rette for utvikling. Dessutan visste eg at det var eit land med for lite bemanning, så eg tenkte eg ville prøve meg her, seier Tsarpali.

Ifølge ein ny rapport frå SSB skal me vere glad for at Tofiq, Tsarpali og andre innvandrarar med helsekompetanse kjem til Noreg. Det er nemleg eit stort behov for slik kompetanse.

 Vanessa Tsarpali og Hardi Tofiq

TRIVST: Hardi Tofiq og Vanessa Tsarpali likar seg godt på Sjukehuset i Telemark.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Kraftig auke

Ser ein for eksempel på legeårsverk er det heile 5000 av dei som blir utførte av innvandrarar. Det er over 20 prosent av dei totale legeårsverka, og me ville difor hatt ein mangel på legar om det ikkje var for innvandring. seier Nils Martin Stølen. Han er forskar i SSB og er ein av dei som har arbeidd med rapporten.

SSB-forskar Nils Martin Stølen

FORSKAR: Nils Martin Stølen har vore med å skrive rapporten.

Foto: Statistisk sentralbyrå

Rapporten vart publisert i slutten av mai og tek for seg utviklinga i tilbod og etterspurnad innan helsesektoren frå 2000 til 2014. Den syner ein betydeleg vekst i talet på årsverk totalt. Samtidig som den syner at innvandrande arbeidskraft også har blitt større.

Utan den aukande innsatsen til innvandrarar med helsekompetanse hadde me hatt klare bemanningsproblem i fleire delar av helsesektoren. Me har vore heldige som har hatt såpass stor innvandring, seier Stølen.

– Må ikkje bli ei sovepute

Mykje av årsaka til det store behovet for innvandrarar er at Noreg ikkje utdannar nok personell til alle gruppene helsesektoren. Fagforbundet meiner ein må bli flinkare til dette.

Mette Nord

SKEPTISK: Leiar i Fagforbundet Mette Nord meiner bruk av innvandrarar i helsesektoren ikkje må bli ei sovepute, og at ein må utdanne meir helsepersonell.

Foto: Fagforbundet

Det er positivt at me har moglegheit til å hente kvalifisert personell, men det må ikkje bli ei sovepute. Det er viktig at myndigheitene syter for utdanning av alle typar helsepersonell frå eigne rekker, seier leiar i Fagforbundet Mette Nord.

Ikkje berre er Nord redd for manglande kompetanse i eige land når ein ikkje utdannar nok folk, men ho likar heller ikkje at Noreg tek helsekompetanse frå land som treng det sjølv.

Nils Martin Stølen trur bruken av innvandrarar i helsevesnet vil auke enda meir.

– Med den komande eldrebølga vil behovet for helsepersonell stige. Sidan me på det noverande tidspunkt ikkje utdannar nok folk sjølv til desse yrkesgruppene, vil me vere enda meir avhengige av innvandrarar i framtida, seier Stølen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark