Hopp til innhold

Åtvarar mot nytt livsfarleg dop

Politiet åtvarar nå, på det sterkaste mot det narkotiske stoffet GBL, etter at seks personar i helga blei behandla for overdose.

Skule Worpvik

Politioverbetjent Skule Worpvik åtvarar mot nytt narkotisk stoff.

Foto: Martin H. W. Zondag / NRK

Politioverbetjent Skule Worpvik ved Telemark politidistrikt seier at det nye stoffet er sterkare enn det brukarane er vane med, og at det difor er lettare å ta overdose.

– Vårt inntrykk er at det har kome eit stoff som er sterkare, eller at nokon har forska ut noko på ein annan måte enn tidlegare, seier Worpvik.

Kristian Heldal

Kristian Heldal, klinikkoverlege ved medisinsk avdeling, Sjukehuset Telemark

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

Han seier at brukarane ikkje er observante på dette, og overdoserer i forhold til det dei er vane med tidlegare.

Ekstremt farleg

I helga blei seks behandla for overdose, blant anna blei to menn i 20-års alderen lagt inn ved Sjukehuset Telemark

Klinikkoverlege Kristian Heldal ved Sjukehuset Telemark seier det er lite som skil ein rus og ein alvorleg livstrugande forgifting.

Heldal seier at ved ei forgifting kan du raskt bli bevisstlaus og slutte og puste, og då kan du døy om du ikkje får hjelp.

– Dette stoffet er ekstremt farleg, viss det ikkje er nokon i nærleiken så kan du i verste fall døy, seier Heldal.