Hopp til innhold

Åtvarar mot å slå handa av Northug

Tidlegare sponsorsjef i DNB, Jakob Lund, åtvarar mot å slå handa av Petter Northug. – Sponsorane vil stå seg på å støtte skiesset gjennom krisa, seier Lund.

Jacob Lund

– Problema til Petter Northug starta då han gjekk frå landslaget til eit privatlag, meiner tidlegare sponsorsjef Jacob Lund.

Foto: Johs Apold / NRK

Det stormar rundt Petter Northug etter at han har vedgått å ha køyrt i fylla og vraka bilen sin i Trondheim etter ein tur på byen natt til sundag. No er sponsorane usikre.

– Dette er ein kjempetragedie for Petter og for familien hans, seier den tidlegare sponsorsjefen.

Les også:

I ein periode på 20 år frå 1992 til 2012 inngjekk Jacob Lund nærare 100 sponsoravtalar for det mektige DNB-konsernet.

– Det vanlege er at sponsoren tek med ein klausul om at selskapet kan annullere avtalen dersom utøvaren dopar seg. Men det er og mogeleg at Coop, Audi og Red Bull har ein klausul om at dei kan kansellere kontrakten, dersom Petter øydelegg for merkevara. I så fall blir det opp til Coop å vurdere om fyllekøyring er grunn nok til å annullere ein avtale til ni millionar kroner i året, seier Jacob Lund.

Åge Skinstad

Langrennssjef Åge Skinnstad stiller støtteapparatet til disposisjon for Northug. Det er klokt, meiner Jacob Lund.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Vil du rå sponsorane til å trekke seg?

– Nei. Eg trur både Coop, Audi og Red Bull vil stå seg på å fullføre kontraktane. Det fortel folk at selskapa ikkje berre er ute etter å mjølke profitt ut av Northug. Det står respekt av ein sponsor som ikkje slår handa av ein mann som ligg nede.

Problemet starta med privatlag

Etter 20 år som sponsorsjef for DNB-konsernet har Lund inngåande kjennskap til norsk idrett. I dag meiner han at problema til Northug starta den dagen han gjekk frå landslaget og starta sitt eige privatlag.

Northug

'Vinnarskallen' kan bli verdsmeister i Falun, trur Jacob Lund

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Petter fekk avtalar for mellom 20 og 30 millionar kroner. Men samstundes miste han ei støtte frå Norges Skiforbund som ikkje kan kjøpast for pengar.

Jacob Lund meiner det er klokt av Petter Northug å legge seg flat.

– Dersom han tek medaljer i VM i Falun kan han håpe på tilgjeving både frå sponsorar og frå folket, trur Lund.

Forstår at Petter tek ein fest

Den tidlegare sponsorsjefen forstår at Petter Northug tek ein fest før førebuingane til ein ny sesong tek til for alvor.

– Men folk vil ikkje forstå at han køyrer i fylle. Det blir endå verre når han stikk av og let etter seg ein skadd kamerat på ulukkesstaden. Det er inga orsaking at han truleg fekk panikk, seier Lund.

– Trur du Petter Northug kan kome tilbake som toppløpar?

– Ja. Med den vinnarskallen er det fullt mogeleg å ta nye internasjonale medaljer i Falun om eit knapt år.