NRK Meny
Normal

Får ikkje bu på Kragerø Sportell

UDI varslar lang tid på å behandle asylsøknader. Så lenge kan ikkje asylsøkarane bu på Kragerø Sportell.

Dagleg leiar ved Kragerø Sportell, Wieger van Brunschot, seier at alle må flytte ut på vårparten fordi staden er leigd ut til andre, blant anna til leirskolar.

SLUTT I APRIL: Asylsøkarane må bu ein annan stad etter april for da blir Kragerø Sportell igjen leirskule.

UDI har kome med signal om at det kan ta lang tid å behandle søknadene om asyl for dei som sit i mottaka rundt om ikring i landet.

Det betyr at nokon av asylsøkarane på Kragerø Sportell kan bli verande ved transittmottaket til mars neste år.

Les også: Asylsøker hjelper nye asylsøkere

Wieger Van Brunschot

Wieger Van Brunschot ved Kragerø Sportell.

Foto: Tom Ole Buaas / NRK

Dagleg leiar ved Kragerø Sportell, Wieger van Brunschot, seier at dei har lagt ut ein artikkel om UDI på ein datamaskin, slik at dei som bur på sportellet kan halde seg orientert.

– Ved hjelp av Google translate skjønar dei fort kva det handlar om, seier van Brunschot.

Asylsøknader kan ta lang tid

I utgangspunktet var det meininga at dei skulle vidare til vanlege mottak i løpet av nokon få dagar.

– Det har kome ein del spørsmål om kva som vil skje, men fram til nå kunne vi ikkje svare på nokon ting. For vi visste ikkje mykje heller. Nå har vi fått eit svar som dei truleg ikkje er så glade for.

Brunschot fortel at beskjeden frå UDI er at det kan ta eitt til to år før asylsøknaden er behandla.

– Det blei ikkje snakka så mykje om kor lenge dei skulle bu her då mottaket blei oppretta. Men dei skulle vere her nokre veker, var den første meldinga.

Blir leirskole i april

Wieger van Brunschot synest ikkje noko om at det framleis blir usikkert kva for framtid dei som bur på mottaket vil få. Og at mange av dei har vore på flukt lenge.

– Det burde vere eit endepunkt når dei kom til Norge, men det er det ikkje. Det må vere veldig kjedeleg, men eg synest at dei taklar det godt.

Wieger van Brunschot, seier at alle må flytte ut på vårparten fordi staden er leigd ut til andre, blant anna til leirskolar.

– Vi kan diverre ikkje ha dei buande her lengre. I april kjem leirskolebarna. Og for desse har vi mangeårige kontraktar. Det må vi respektere, og det ønskjer vi å respektere.

I slutten av mars må asylsøkarane flytte ut av Kragerø Sportell. Då håpar van Brunschot at UDI har funne eit vanleg asylmottak til dei som bur ved sportellet.