Hopp til innhold

Arne Rui vil gå av som styreleiar for Geiteryggen

Arne Rui seier han ikkje lenger vil fortsette som styreleiar for Skien Lufthavn Geiteryggen etter vedtaket i Skien bystyre. Han vil be Skien kommune som eigar om å innkalle til ei ekstraordinær generalforsamling.

Arne Rui

Arne Rui vil be om avløysing som styreleiar for Skien Lufthavn Geiteryggen når styret innkallar til ekstraordinær generalforsamling.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Styreleiar for Skien Lufthavn Geiteryggen, Arne Rui, synest det er eit underleg vedtak som bystyret i Skien har gjort torsdag kveld. Han meiner det er Widerøe som legg ned den kommersielle lufttrafikken på Geiteryggen.

– Eg oppfattar det som eit pålegg frå bystyret om å avvikle ned den kommersielle drifta ved Geiteryggen. Wiederøe har avvikla den kommersielle drifta. Det er ikkje opp til styret, for det har Wiederøe gjort frå 29. juni. Då er det ikkje lenger kommersiell drift, definert som rutetrafikk, seier Rui.

Han seier at lufthamnstyret vil gjere det som er deira ansvar.

– Vi vil ta kontakt med eigar og be om å få ei ekstraordinær generalforsamling i samsvar med aksjelova. Og der vil styret foreslå det vi synest er rett i forhold til å sikre verdiane i selskapet og ta vare på dei tilsette.

Eigar og nytt styre må avgjere vidare drift

– Mange i bystyre var uroa for kva som skulle skje med luftsportsaktiviteten på flyplassen. Er det mogleg å halde flyplassen open for den type aktivitet etter at Widerøe legg ned?

– Det må eigar ta standpunkt til i ei ekstraordinær generalforsamling. Det som er rimeleg sikkert er at dette styret vil kome med sine råd.

– Men dette styret som er oppretta for å drive flyplassen og kommersiell drift vil rimelegvis be om å få avslutte sine verv. Og då må det sannsynlegvis opprettast eit nytt styre som kan handtere den situasjonen som er oppstått, i og med at det ikkje lenger vil vere trafikk ved Geiteryggen.

Rui seier at lufthamnstyret vil gå inn for å halde ei ekstraordinær generalforsamling i juni.