NRK Meny

Arbeidstilsynet har ikkje avgjort

Arbeidstilsynet har framleis ikkje avgjort om dei vil gi pålegg til eit bilpleiefirma i Grenland. Etter eit tilsyn i desember fekk bilpleiefirmaet varsel om pålegg på fleire punkt. Det gjekk blant anna på for lange arbeidsdagar utan overtidsbetaling og mangel på forsvarleg verneutstyr. Arbeidstilsynet reknar med at dei kan konkludere i saka innan eit par veker.