Hopp til innhold

Snuoperasjon trugar 100 arbeidsplassar

– Norcem i Brevik mister truleg sjansen til å etablere meir enn 100 nye arbeidsplassar. Det er klart etter at Porsgrunn Arbeidarparti snur, og seier nei til planen om eit nasjonalt deponi for giftig avfall i Brevik.

Fabrikkdirektør David Verdu

Fabrikkdirektør David Verdu ved Norcem i Brevik er skuffa.

Foto: Johs Apold / NRK

Etter det NRK Telemark kjenner til splittar spørsmålet om avfallsdeponiet Porsgrunn Arbeidarparti. I førre veke sa ordførar Øystein Beyer (Ap) ja, men etter partimøtet mandag kveld legg han vekt på den folkelege motstanden.

– Me kjenner trykket ikkje berre frå veljarar i Grenland, men frå folk i heile Telemark, seier den avtroppande ordføraren eit drygt halvår før kommunevalet.

Det er Porsgrunn Arbeidarparti si gruppe i utvalet for plan og kommunalteknikk som seier nei. Men ordførar Øystein Beyer kjenner eg trygg på at kommunepartiet vil støtte medlemene i planutvalet når partiet avgjer saka den 2. mars.

Ap fylgjer fleirtalet

Øystein Beyer

Ordførar Øystein Beyer (Ap) sa først ja, og deretter nei.

Foto: Knut-Øyvind Hagen / NRK

Det har og vore avgjerande at Arbeidarpartiet ville kome i mindretal dersom partiet støtta framlegget om å konsekvensutgreie eit deponi for giftig avfall i Brevik.

– Me har merka oss at dei andre partia, og no også bystyregruppa i Høgre, seier nei. Det er og slik at ei konsekvensutgreiing ikkje berre handlar om å samle kunnskap. Det er og eit steg mot eit deponi, seier Beyer, som meiner at sentrale styresmakter må lage ein nasjonal avfallsplan.

– Når utvalet for plan og kommunalteknikk får saka i ettermiddag vil Arbeidarpartiet be om støtte for kravet om ein nasjonal plan, seier Ap-ordføraren.

Fabrikkdirektøren skuffa

Det er Norcem i samarbeid med Norsk Avfallshåndtering, Noah, som planlegg å etablere eit deponi for giftig uorganisk avfall i gruvene til Norcem. Avfallsanlegget på Langøya er snart fullt, og Noah er på jakt etter eit nytt lager.

Norcem på si side jaktar på fornuftig etterbruk av gruvene som snart er tomme.

– Anlegget kunne gjeve jobb til meir enn 100 arbeidsplassar. No må Norcem sjå etter alternativ, seier fabrikkdirektør Davik Verdu.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark