Hopp til innhold

Arbeid er bra for helsa

Det styrkar helsa di å vere i arbeid. Og dei som er sjuke kan bli sjukare av å ikkje vere i arbeid.

Aage Indahl, professor
Foto: Ragnar Lurås / NRK

Professor i medisin, Aage Indahl, fortel at nyare forskingsrapportar viser at det er ei dårleg løysing å sitte heime og vente på at du blir frisk.

Les også:

Det var nokre av hovudpunkta i foredraget professor Aage Indahl heldt på ein fagdagen hos NAV Telemark onsdag. Etterpå var han gjest i NRK Telemark.

– Særleg for dei store gruppene som har vondt i musklar og skjelettet eller har lettare psykiske lidingar, så ser vi at det er ei dårleg løysing å sitte heime og vente på å bli frisk, seier Indahl.

Han seier at det er mykje forsking som viser at folk blir fortare friske dersom dei held seg i arbeid.

Indahl meiner også at det å vere i arbeid verkar førebyggande for å bli ramma av angst og depresjon.

– Dette er jo noko som rammar oss alle, meir eller mindre. Og det er ei oppleving i livet som er naturleg, seier Indahl.

Fortare frisk på jobb

Men han meiner folk får det betre viss dei er saman med personar som dei trivst med å vere saman med, enn å sitje heime åleine og tenke over ting.

Aage Indahl, professor
Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Då blir vi sjukare, viss vi ikkje har andre ting å tenke på, som det å vere i jobb, seier Indahl.

Han meiner at dersom du har vondt i ryggen, og klarar å kome deg på jobb, så blir du fortare frisk enn om du går heime og ventar på å bli frisk.

– Men i dagens samfunn med stadig høgare arbeidspress, så høyrer vi jo at folk blir sjuke av å jobbe?

– Men arbeidet har jo ikkje blitt tyngre. Og det er jo heller slik at dess tyngre vi jobbar dess sterkare blir vi. Det er på sofaen vi rotnar opp, seier Indahl.

Uføre dør tidlegare

– Er arbeid eit alternativ til sjukemelding i mange tilfelle?

– Å vere heime nokre få dagar fordi du ikkje er bra, er ikkje så farleg. Det farlege er å bli utstøytt frå arbeidslivet. Sett ifrå eit helsemessig synspunkt, seier Indahl.

Han meiner det er dei lange sjukemeldingane og det å bli ufør som er farleg.

– Du dør fortare om du blir ufør i ung alder, enn om du er i jobb, seier Indahl.

Berre etter nokre få veker borte frå jobb blir det lett å misse kontakten, og då startar faresignala.

– Men dette er individuelt. Og kor fort du kjem tilbake i arbeid. Men du bør vere forsiktig med å vere for lenge borte frå jobben, seier Indahl.

Verre etter sjukemelding

– Er det for lett å få sjukemelding?

– Det er vanskeleg å svare generelt på det. Men vi skal tenke over det. For vi har lett for å seie at nå går eg og sjukemelder meg. Men kva er det med å vere borte frå jobben som skal gjere meg frisk?

Indahl seier at dersom du har for mykje vondt, så vil det heilt klart kunne gje seg etter nokre dagar heime. Men han meiner vi må spørje oss sjølve om det er heilt sundt.

– Det er mange som har det mykje verre etter at dei har vore sjukemeldt lenge, enn då dei starta på sjukemeldinga, seier Indahl.

Må prioritere annleis

Professor Aage Indahl meiner samfunnet er for opptatt av å behandle muskel og skjelettsjukdomar og lettare psykiske lidingar, ein å sjå på kva som kan gjerast for å halde folk i gang på jobben.

– Det må prioriterast litt annleis. Behandling ser ikkje ut til å føre nokon stad for desse gruppene.

Indahl meiner det er meir å hente på å legge til rette på jobben, slik at folk kan vere i arbeid, sjølv om dei ikkje har ein god dag.

Han meiner trygdestatistikken viser at talet på uføre og langtidssjukemeldte har vore uendra trass i dei tiltaka som er blitt gjort frå helsestellet og NAV.

– Og då må vi tenke heilt nytt og forsøke å gjere noko med det. Viss vi ikkje skal akseptere at over 60 prosent av dei som blir uføre blir det på grunn av muskel og skjelettsjukdomar eller psykiske lidingar, seier Indahl.