NRK Meny

Ap vil ha omstillingspengar

Arbeidarpartiet krev at regjeringa løyver pengar til omstilling ved Sjukehuset Telemark når akuttfunksjonane på Rjukan og i Kragerø blir lagt ned. Partiet ber også staten løyve pengar til omstilling i Tinn og Kragerø kommunar. Arbeidarpartiet ber også regjeringa vurdere lokalsjukehusa sin betydning for folks sikkerheit i forbindelse med statsbudsjettet til hausten.