Karin Maria Larsen stiller ikkje til attval
Leiar i nominasjonskomiteen i Kviteseid Arbeidarparti, Einar Søreide, må ha ein kandidat klar innan 31. mars.
Han er fortvila over at folk er så lite villige til å stille opp. Og likar ikkje måten han må finne ordførarkandidatar på.
- Arbeidarpartiet strevar på same måte som andre parti med å få folk på lista. Hadde eg ikkje visst det, hadde eg følt meg veldig mislykka som leiar i nominasjonskomiteen, seier Søreide.
Stiller ikkje til attval
Noverande ordførar i Kviteseid, Karin Maria Larsen, vil ikkje stille som ordførarkandidat for Ap for neste periode.
Ho meiner vervet tek for mykje tid. Og i tillegg kan det til tider vere ein tøff jobb.
- Det er mykje ein kunne ynskt og gjort. Men økonomien er stram, og ein føler at ein kjem litt i klemme, seier Larsen.
Johannes Skarprud har vore ordførar i Kviteseid i åtte år.
Han trur den dårlege økonomien i kommunen kan vere ein av grunnane til at ordførarvervet er lite attraktivt.
- Kviteseid har tradisjonelt hatt ein dårleg økonomi, og då seier det seg sjølv at det er ikkje så mykje du får gjort, seier Skarprud.