NRK Meny

Ap frir til Venstre

Telemark Venstre opnar for å samarbeide med Arbeidarpartiet i det nye fylkestinget. Dersom Venstre får gjennomslag for viktige miljøsaker kan partiet støtte Arbeidarpartiet sin fylkesordførarkandidat, seier listetopp Olav Kasland. Fylkesordførarkandidat Sven Tore Løkslid frå Arbeidarpartiet vil ikkje avvise eit samarbeid med Venstre.