Hopp til innhold

Annleis band får stormande jubel

NOTODDEN (NRK): Kvar og ein av dei seks bandmedlemmene har ei form for utviklingshemming. Det er ikkje lett å leggje merke til når dei står på scena.

Pascal Rock spelar på bluesfestivalen på Notodden.

SJÅ PASCAL ROCKERS: Bandet spela på Notodden Bluesfestival til stormande jubel.

Me har jo alle saman spelt musikk i lang tid kvar for oss. Så samspelet fungerer godt med tanke på at me alle saman er utviklingshemma, seier Steinar Wangen.

Wangen er frontfigur i bandet Pascal Rockers. Eit band med seks medlem der alle bandmedlemmene har ei form for utviklingshemming. For eksempel er keyboardisten blind og har cerebral parese.

Gruppa har spela saman halvanna år og dei opptrer på Notodden bluesfestival for andre gong. Dei har også haldt konsertar på blant anna Smuget i Oslo, og er godt integrert i Oslo sitt bluesmiljø.

Pascal Noreg

Bandet er ein del av organisasjonen Pascal Noreg. Ein organisasjon som har som mål å skape kulturaktivitetar for blant anna funksjons- og utviklingshemma.

Ola Skaaret

DYKTIG GJENG: Musikalsk leiar for bandet seier denne gjengen er handplukka til bandet.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

– Desse gutane er handplukka for å lage eit godt bluesband som dei utfoldar på sine premiss. Eg prøvar å vere mest mogleg usynleg å berre hjelpe dei med arrangering av songar og slikt seier Ola Skaare.

Han er nestleiar i Pascal Noreg, og musikalsk leiar for bandet.