NRK Meny

Alvorleg lovbrot av sjukehuset

Fylkeslege Steinar Aase seier det er alvorleg og eit lovbrot når heimesjukepleia ikkje får informasjon om kva for medisinar pasientar som blir utskrivne frå sjukehuset skal ha. Fylkeslegen er overraska over at i halvparten av 26 undersøkte saker mangla det informasjon om kva for medisinar pasienten skulle ha. Fagdirektør Halfrid Waage erkjenner at dette er eit problem, ikkje berre for Sjukehuset Telemark. Sjukehuset har sett i verk fleire tiltak for å kunne formidle vidare legemiddelbruk betre.

Fylkeslege i Telemark, Steinar Aase
Foto: Anne Lognvik / NRK